– Må gjera noko for uorganisert ungdom

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Svarer på kritikken

 

I innlegget «Vi trenger ikke bare de helt voksne» forsøkte tidlegare barneombod Trond-Viggo Torgersen å slå eit slag for stemma til ungdom i samfunnet rett etter nyttår. Generalsekretær Martin Østerdal i LNU svarte sist veke med kronikken På vegne av ungdom, der han mellom anna viste til at Torgersen har hevda at barne- og ungdomsorganisasjoner berre snakkar på vegne av eit smalt elitistisk sjikt av ungdommen.

”Engasjert ungdom er visst ikkje «ekte nok» for Torgersen”, skriv Østerdal.

LES SAKA: Kven skal snakka unge si sak?

– Kven er ekte ungdommar, Trond-Viggo Torgersen?

– Ja, kva synst du? Det kjem an på kva ein skal snakka om. I denne samanhengen er vel det dei som er mellom barn og vaksen. Altså tenåringar pluss.

Har du ein kommentar til kronikken til Martin Østerdal på NRK Ytring?

– Nei, tenkte ikkje å driva polemikk med eit sånt klart standpunkt. Han har sine meiningar, eg har mine.

– Kvifor bør ein passa seg for å høyra for mykje på ungdom som er engasjert i ungdomsorganisasjonar?

– Eg meiner ikkje at ein skal passa seg for å høyra på organisert ungdom. Det eg derimot meiner er at ein må gjera noko for alle dei som ikkje er organisert så desse når fram med sine meiningar. Dei som er organisert slepp alltid nok til i forhold til desse som ikkje er så trena i å snakka for seg.

Trond-Viggo Torgersen leia i 2011 Maktutgreiinga for ungdom. I denne føreslo han mellom anna at styresmaktene tilrettelegg for lokale samarbeidsråd for barne- og ungdomsorganisasjonane og at det blir gjeve eit statleg tilskott for oppfølging av grupper med låg grad av deltaking i organisasjonane. Han ville òg at styresmaktene tek i bruk modellen med ekspertgruppemøte med ungdom med særskilde erfaringar.

LES OGSÅ:Slik vil han gje unge meir makt

– Fleire gonger har du uttala i forsamlingar at ungdom eigentleg burde ha skilt på seg der det står ”stengt på grunn av ombygging”. Kva meiner du med dette? Og kva konsekvensar bør dette ha for ungdom sine høve til å delta i demokratiet?

– Eg har brukt dette humoristiske bildet av pubertetens omveltingar både fysisk og psykisk der mange av oss har merka at det svingar mellom kva ein forskar ut av meiningar, standpunkt og haldningar. Og at dette ikkje er perioden for å ta endelege avgjersler i eige liv, men for utprøving og bryting av meiningar. Samtidig meiner eg at alle i eit demokrati skal delta i demokratiske prosessar som den ein er – der ein er i sin eigen utvikling. 

Trond-Viggo Torgersen gjekk mot å senka stemmerettsalderen til 16 år då han leia maktutgreiinga til ungdom, mot viljen til LNU.

Kva vil du svara dei som er skuffa over at du ikkje vil sleppa ungdom meir til, for eksempel ved å la 16-åringar stemma?

– Det er jo ikkje meg desse skal vera skuffa over, det er dei som tar avgjersler som står i vegen for dialog med unge menneske. For meg er det i denne samanheng uvesentleg med stemmerett ved politiske val. Eg og utvalet meiner samrøystes at unge menneske skal vera med og ytra seg og påverka saker som angår dei på alle område.