– Freestyle-VM er meir verdt enn hopprenn i Holmenkollen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Hopprenn er Mikke Mus-idrett

6. til 10. mars vert VM i freestyle arrangert i Myrkdalen i Voss. Fjernsynsrettane til arrangementet er no selde til 65 land, med ei rekkjevidd på 210 millionar husstandar, skriv NRK.

Rektor ved Markedshøyskolen Trond Blindheim meiner den internasjonale reklameverdien overgår mykje innan skiidrett.

– Dette er mykje meir verdt enn hoppsporten i Holmenkollen. Det er jo ein Mikke Mus-idrett. Det er jo nesten ingen som driv med hoppsport, seier Blindheim.

Han meiner at Myrkdalen og Voss kan tena mykje på tv-sjåarar frå store delar av verda.

LES OGSÅ: – Treningssenter er ikkje for alle

På heimebane kan freestyle-VM berre gløyma liknande sjåartal som nordiske skigreiner. Nesten 1,4 millionar nordmenn såg Petter Northug ta VM-gull nettopp i Holmenkollen.

Reisemålsselskapet for dei fire vestlandsfylka er optimistiske før freestyleeliten kjem til Voss.

– Eit slikt arrangement, med ei slik internasjonal eksponering er enormt viktig for Vestlandet. Eg vil estimera at det vil vera eit tosifra millionbeløp om ein skulle kjøpt reklame for same verdien, seier administrerande direktør Kristian B. Jørgensen i Fjord Norge til NRK. (©NPK)