Viser ikkje fram sofaen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Kamera følgde ho frå april i fjor, og i serien «Tone» får sjåarane vera med ho på ulike oppdrag.

– Når du no har hatt med deg eit tv-team over lengre tid, kor privat har du vore?

– For å seia det slik; dei veit ikkje kva farge eg har på sofaen min. Dei har ikkje vore med meg heim, og serien viser ikkje privatlivet mitt. Aksel er med nokre gonger, men det er når han dukkar opp på i ein jobbsetting for det er Tone på jobb dei har følgt, seier Tone om TV2 serien som starta laurdag.

«Pute-tv»
– Sjåarane får mellom anna vera med meg til Los Angeles, på musikkvideoinnspeling på Ibiza og jobbing med kleskolleksjonen min. Dei får også vera med på presserunden eg hadde før sommaren. Då Sogn Avis var i kontakt med ho, skulle ho sjå den andre episoden av serien nokre timar seinare.

– No har eg sett den første episoden, og eg er nøgd med det eg har sett. Likevel vert dette «pute-tv» for meg, for eg vert så flau over alt eg seier. Men det får eg heller tola, ler Aaberge.

LES OGSÅ: – Takk og lov for Tone Damli Aaberge

Ulike sider
– Kva marknadsføringsverdi har det å vera med på noko slik?

– Det er vanskeleg å seia, men eg håpar programmet vert sett av folk, og har ein god effekt. Men serien er ein positiv bonus for meg, ikkje det som driv karrieren mi, seier ho. Ho har eit håp om at serien skal visa ulike sider av ho.

– Det er lett for folk å gjera seg opp ei meinig om meg, basert på dei små tinga dei ser i media. Eg har lyst til å visa fram andre sider av meg sjølv også. Det er mykje som er fint og spennande, men livet mitt er ikkje ein dans på roser. Det er også mykje hard jobbing og lange dagar.

LES OGSÅ: Tett på Tone

Til Sogndal
Sjølv om TV-teamet ikkje blir med ho heim, har dei likevel fått vera med til Sogndal.

– Dei har vore på planteskulen og helst på mamma og pappa. Dette gjorde eg fordi eg føler Sogndal er ein viktig del av meg, seier ho.

Les saka i Sogn Avis!