Tett på Tone

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det siste året har vore ekstra travelt for den populæreartisten frå Sogndal.

Raskt komfortabel
Sidan april har eit TV-team følgt Tone og hennar nære krets både på jobb og privat.

– I starten var det merkeleg å ha TV-teamet hengande på slep over alt, men eg blei ganske raskt komfortabel og vant til det. Eg gløymde faktisk etter kvart at dei var der, seier Damli Aaberge i ei pressemelding til TV2.

LES OGSÅ: – Takk og lov for Tone Damli Aaberge

Travelt år
Det har vore ein svært hendingsrik og travel tid for 24-åringen. Ikkje berre har ho blitt trulova med Aksel Hennie. Det siste halvåret har ho også toppa hitlistene både i Norge og Sverige, jobba med ein ny kleskolleksjon, byrja opptaka til «Idol» – og førebudd seg på å delta i den svenske Melodifestivalen. Og TV-sjåarane får følgja med på heile Tones travle ferd.

Spent
– Det viktigaste for meg med denne serien, er at den blir ærleg og naturleg. Eg har opplevd så mykje sidan TV-kameraene byrja å følgja meg i april, så det blir spennande å sjå korleis det blir sjåande ut på TV. Eg må innrømma at eg er veldig spent på korleis folk vil oppfatta meg, seier Tone.

Aksel med på jobb
I første episode av dokuserien, som blir vist 13. januar, får me eit innblikk i korleis livet til Tone utarter seg, og kva utfordringar ho må takla. Tone sin kjærast Aksel Hennie blir med henne på jobb. Her får ho ei utfordring som verkeleg set ho på prøve. Me er også med når ho spent og nervøs prøver seg på eit gjennombrot i Sverige. Ho skal syngja saman med nabolandets heteste popartist, Eric Saade i Globen i Stockholm. Korleis vil svenskane ta imot Tone?

Les saka i Sogn Avis!