Kunsten å bråke

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Are Kalvø: Kunsten å bråke

 

Det kan vere du kjedar deg. Det kan vere du synest det har blitt litt stille i det siste. Kanskje har du berre lyst til å finne ut kor mykje kjeft du toler. 

Uansett kvifor: Dersom du har lyst på bråk, så veit vi no kva som skal til. Her er tre gode forslag til deg som vil ha bråk: 

1. Fortel andre folk kva dei bør gjere med liva sine. Og ver ganske rik medan du gjer det.

Dette er ein klassikar. Mange har fått til dette. Stein Erik Hagen har fått det til fleire gonger. Fiolinisten Marte Krogh, som er gift med ein styrtrik fyr, har fått det til denne veka. Ho har sagt eit eller anna om at ein må trene sjølv om ein har barn. Verre er det ikkje. Her er nokre andre forslag til kva du kan seie, dersom du skulle vere rik og ønske bråk:

– Folk må slutte å sutre over at dei har dårlig tid. Det er berre å tilsette eit par nannyar til.

– Vanlige folk ser ikkje ut.

– Det er ikkje så vanskelig å gjere kvardagen litt meir fargerik. Sjølv har eg kjøpt meg sju bilar i ulike fargar, slik at eg har ein til kvar vekedag.

Om du synest dette blir litt i overkant, så kan du berre slappe av. Det er ikkje nødvendig å vere så ytterliggåande. Dersom du er skikkelig rik og seier noko som helst om korleis folk som ikkje er fullt så rike bør leve, så vil nok folk gå inn for å forstå deg så lite velvillig som mulig.

Det som er ekstra fint med sånne diskusjonar, er at etter at du har fått kjeft ei stund, så vil du få støtte frå folk som bruker uttrykket «misunning», og så begynner heile diskusjonen på nytt.

2. Sei noko negativt om eit stykke kultur som folk i Norge har likt så lenge at dei har gløymt at det går an å gjere noko anna. Og ver gjerne frå utlandet medan du gjer det.

Denne vekas Thorbjørn Egner-debatt viser kor lett det er. Den svenske regissøren Sofia Jupither meinte «Folk og røvere i Kardemomme by» er skadelig for barn. Og folk i Norge blei umiddelbart så forferda over Jupithers meiningar at dei heilt gløymde å gjere narr av etternamnet hennar. Det er det som gjerne skjer når det blir bråk: Folk gløymer å ha humoristisk sans. Sjølv om ein diskuterer syngande røvarar.

Noko anna som er fint med denne måten å lage bråk på, er at du på same tid får engasjert   både kultureliten, som likevel ikkje har noko betre å gjere enn å diskutere slikt, og folk som  synest det er på tide vi vågar å vere stolte av det norske.

Om du vil lage bråk på denne måten, husk då at det hjelp:

– å vere utlending.

– å ha ein jobb der du sannsynligvis har høgare utdanning og offentlig støtte.

Her er nokre forslag som du kan prøve:

– Kurt Nilsen syng surt

– Sølvguttene er barnemishandling

– Flåklypa Grand Prix oppfordrar til livsfarlig oppførsel i trafikken. Urealistisk er han også.

3. Gå inn for å forandre på noko som har eksistert så lenge at alle trur det skal vere sånn.

Her er det ikkje så mykje som skal til. Denne veka la eit utval fram ein del forslag om religion, mellom anna at kyrkja skal miste vigselsretten.

Sidan det er mange som liker bråk, og lever av bråk (også kjent som journalistar), så kan du vere sikker at svært få vil omtale dette som ei prinsipiell endring som har lite å seie for folk i praksis. Dei fleste vil velje å for eksempel intervjue nokon som er ute for å kjøpe gifteringar. Og om intervjuobjekta forstår det slik at regjeringa har foreslått å forby kyrkjebryllaup og tvinge alle til å brenne brudekjolane sine og i staden gifte seg i dongeri på kommunehuset ein tysdag i kontortida, så vil dei neppe bli korrigert. Og så er bråket i gang. Det som er fint med bråk om religion, er at du både  får engasjert dei som synest det er på tide vi vågar å vere stolte av det norske, dei som opplever seg sjølv som vanlige, og ein del særingar: For eksempel biskopar, som er så søte og rare når dei må prøve å snakke normalt i staden for å ropesynge og bruke ord som «miskunn». Og viss du er skikkelig heldig får du også støtte frå like humørlause talspersonar for andre religionar, som med dette får bekrefta det dei alltid har visst, at Norge er eit morallaust land utan respekt for religion. Og vips! så har du alle mot deg. Til og med dei som er mot kvarandre.

Lykke til!

 

Denne teksten stod først på trykk i Aftenposten 12. januar!

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!