Feil igjen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Vel, ein kan også spørja dei om nyttårsforsetta deira, det er ein klassikar: Kva er dine nyttårsforsett i år? Koma i betre form, svarar mange. Tilbringe meir tid i lag med familien, seier atter andre, eller med vener, eller vera meir i naturen. Slike ting. Akkurat det same som i fjor, og året før der, og sikkert til neste år òg. Noko vil endre seg, det meste vil bli verande nøyaktig som før.  

Sjølv meiner eg å ha forstått dette, at nyttårsforsett har lett for å bli tåpelege, overpositive, liksom-sunne klisjear. Difor har eg ingen nyttårsforsett, men viss nokre spør må eg jo nesten prøve å verke seriøs og gje eit skikkeleg svar, så eg seier at ja, eg har fleire: I det nye året skal eg for det fyrste prøve å byrja røykje. Det er så mange som sluttar med det no for tida, endå det utvilsamt er temmeleg kult, og noko skal ein jo døy av uansett. For det andre skal eg tilbringe mindre tid med familie og vener, og utandørs, eg skal kort sagt sitja meir åleine innandørs og røykje og drikke billeg vin.  

I røynda skal eg truleg ikkje gjera nokre av desse destruktive endringane, like lite som eg kjem til å etterstreva meir positive brigde. Eg trur på sanningane til den bibelske skribenten Preikaren, at “inkje er nytt under sola”, at “alt er jag etter vind”, alt kort sagt er ganske fåfengt og likesælt. Det beste mantraet er likevel Samuel Beckett sitt, skjønt han neppe har meint det som noka læresetning i det heile, snarare som nokre nokså vilkårleg samanstilte ord, noko nytt sludder å påstå i mangel på noko anna meir sant eller fornuftig å påstå, noko å seia fordi så lite finst att å seia: “Ever tried. Ever failed. No matter. Try again. Fail again. Fail better.”  

Dette siste er mitt motto for det nye året, som det var for det førre, og det før der, og som det skal bli for det neste. Livet er eit slit. Alt er eit slit. Ein prøver som best ein kan, men alt blir feil, blir berre tull. Ein prøver endåtil fleire gonger, men er dømd til å feile på nytt, og på nytt og på nytt, og alt ein maktar ved neste høve, når ein liksom skal ha vorte klok av skade, er å gjera det heile ørlite annleis, eit litt hakk betre, men i botn og grunn like idiotisk: “Fail again. Fail better.” Denne ideen, uttrykt av den kanskje mest illusjonslaust pessimistiske diktaren i verdslitteraturen, har ein fin fandenivaldsk trass ved seg. Det er ein satire over alskens sjølvtilfredse, naivt håpefulle, meir eller mindre overambisiøse pretensjonar, sedvanlege nyttårsforsett inkludert. Orda ler av dei som måtte ha trua på det nye året. Men dei er ikkje av den grunn utan sympati for desse stakkars jævlane. For ein treng ikkje tolke orda såleis at alt er svart og trist. Eller vel, det er det nok. Men ein treng ikkje gje opp berre av den grunn. Det er ingenting ved dette Beckett-sitatet som skulle indikere at det er fornuftigast å gje opp. Tvert imot, ein kan like gjerne halde fram.  

Så, når ein har bestemt seg for å prøve å feile i eit år til, kan ein eventuelt vurdere nærare korleis ein har tenkt å gjera det. Det er for all del ikkje påkravd, ein kan naturlegvis velja å overlata alt til tilfeldigheitene og sjå kor dei leier ein, men i lengda fordrar jo dette ein valdsam, nesten asketisk sjølvdisiplin. Sjølvsagt vil ein helst ha litt råderett, iallfall over sitt eige liv. Som ei byrjing kan ein, jamvel om ein ikkje er religiøs, variere med den vesle bøna som Kurt Vonneguts karakter Billy Pilgrim alltid nyttar: “God grant me the serenity to accept the things I cannot change, courage to change the things I can, and wisdom to know the difference.” Greier ein å halde på dette forsettet og samstundes tilgje seg sjølv alle feil med eit humør så trassig og uovervinneleg som Becketts, skulle ein vera godt rusta for møtet med eit nytt års elende.

Denne kommentaren blei først publisert på Magasinett.

Kva er dine nyttårsforsett for året 2013? Og har du klart å halde dei til no?