Fleire elevar og studentar reiser ut

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Rundt 21 prosent av norske studentar studerer no i utlandet i løpet av studietida. Det viser ferske tal frå Senter for internasjonalisering av utdanning (SIU).

I skuleåret 2012–13 kjem om lag 6.500 norske skuleelevar til å vera internasjonalt mobile, viser tal frå SIU. Dette gjev ein auke på drygt åtte prosent frå året før.

Blant utreisande elevar i Vg2 er USA det klart mest populære landet. Det kjem flest innreisande elevar frå Tyskland, Frankrike og Italia.

LES OGSÅ: Ei medisinsk reise

Fleire gradsstudentar
I 2011–12 var det 15.300 norske studentar som tek ei heil grad i utlandet. Dette gjev ein auke på åtte prosent frå året før. Over halvparten dreg til ein av dei tre mest populære destinasjonane, som er Storbritannia, Danmark og Polen.

Les Anita Svendheim blogga frå studietida i England!

Fleire delstudentar
I 2011–12 var det drygt 8.100 norske studentar som tar delar av utdanninga si i utlandet, ein auke på seks prosent frå året før. Rundt ein tredel (31 prosent) vel eit europeisk land. Om lag 20 prosent vel Nord-Amerika, nesten like mange vel Afrika.

– Europa er ein sentral samarbeidsarena for norske institusjonar og fagmiljø når det gjeld forsking. Det bør difor arbeidast for at studentar og lærestader i større grad brukar dei høva som finst òg for studentutveksling til Europa, seier SIU-direktør Alf Rasmussen.

LES OGSÅ: Nært i Irland

Fleire innreisande studentar
I 2011–12 var det over 9 000 studentar med utanlandsk statsborgarskap i Noreg, ein auke på heile 15 prosent. Aller flest studentar kjem frå Russland, følgt av Sverige og Tyskland. Delen studentar i Noreg med utanlandsk statsborgarskap har det siste tiåret stega frå 4,4 til 7,7 prosent av den totale studentmassen.

– Dette er positivt med tanke på «internasjonalisering heime», som er spesielt viktig for dei nesten 80 prosent norske studentar som ikkje har noko utanlandsopphald i løpet av studietida, seier Rasmussen.

– Ein føresetnad for at dei internasjonale studentane skal gje nye impulsar og auke kvaliteten på utdanninga ved norske lærestader, er at dei blir integrert i faglege og sosiale opplegg som òg omfattar norske studentar, legg han til.

LES OGSÅ: Studentar nedlessa i studiegjeld

Les meir om studiar og jobb i utlandet her!