Filmvår med kjærleik og nåde

Framtida
Publisert
Oppdatert 12.04.2017 14:04

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Yngste skodespelar til stades då norsk filmbransje onsdag samla seg for å presentere årets første ti norske filmar ut, var seks år gamle Elias Søvold Simonsen. Han spelar Karsten i «Karsten og Petra blir bestevenner», og oppsummerer erfaringa enkelt og greitt slik:

– Det var litt rart og veldig morosamt.

Kinoåret 2013 vil by på i alt sju barnefilmar, noko direktør Nina Refseth i Norsk filminstitutt karakteriserte som gledeleg. Mindre positivt er at talet svingar kraftig frå år til år. Så frå i år vert tildelingspolitikken justert – og ein forpliktar seg til å gi tilskot til minst fire barne- og ungdomsfilmar årleg.

– Norske barn treng norsk film, sa Refseth.

30 filmar
Totalt vil det kommande året by på 24 heilnorske filmar og seks samproduksjonar, som Refseth trur vil nå eit breitt publikum. Blant dei meir etterlengta er nok filmatiseringa av Knut Hamsuns evige kjærleiksdrama «Victoria».

Produsentveteran John M. Jacobsen har sjølv lengta i 40 år etter å gjere film av 1898-boka. Omsider fall brikkene på plass for Jacobsen, som meiner vaksne, norske kinogjengarar treng ein dose hamsunsk kjærleik.

– Det er på tide at vi i Noreg får lage denne på norsk, som han skal gjerast, seier han til NTB.

Regissør Torun Lian var mindre opptatt av den historiske ramma rundt Victoria og mennene i livet hennar, enn ho er av det ho kallar «ei moderne kjærleikshistorie», seier ho:

– Det er rimeleg moderne å elske nokon, og det gjer desse. Det meir interessante ved karakterane er korleis dei sjølv står i vegen for kjærleiken, som «Stolthet og fordommer» på norsk. Dei spelar med kvarandre, og så skuslar dei bort kjærleiken.

QUIZ: Prøv deg på Twilight-quizen vår!

– Male i blinde
Lian fann si Victoria i no 24 år gamle Iben Åkerlie, som får ei meir tydeleg rolle i filmen enn det Hamsun gav Victoria i boka.

– Der er ho meir ein illusjon, skildra av ein forelska gut. I filmen er ho tydelegare, og får fleire lag, seier Iben. Som har ei innrømming å komme med:

– Eg laug og sa eg hadde lest boka, og googla ho rett før eg gjekk på audition. Først etter at eg hadde fått rolla, leste eg henne!

Framleis har ho ikkje sett den meir ferdige filmen, som har premiere 1. mars. Ho sørgde også for ikkje å sjå i monitor undervegs, fordi ho var redd for å bli sjølvbevisst.

– Det var som å male i blinde, så eg ber på ein stor forvitenskap.

Heller ikkje Jakob Oftebro, som spelar Victorias store kjærleik Johannes, har sett filmen. Men han hadde lest boka – mange gonger, seier han til NTB.

– Frå eg var 14– 15 år. Ho treffer unge gutar, med dette med den uoppnåelege kjærleiken. Historia er relevant i dag også, det er kjærleik alltid, seier unge Oftebro, og legg til med eit lite smil:

– Å spele ulykkeleg forelska gjennom ein heil film var tungt.

QUIZ: Prøv deg på den store bok-blir-film-quizen!

Meir om kjærleik
Fleire av filmane i vår tar for seg kjærleiken på ulikt vis. Regissør Eirik Svensson gjer sin spelefilmdebut med «En som deg», der han tar for seg korleis vi menneske eigentleg møter kvarandre og blir kjende. Atskilleg råare er filmatiseringa av «Pornopung», ti år etter at Mads Larsens omdiskuterte roman om unge gutar på jakt etter sex, damer og kjærleik utkom:

– Det er ei slags bromance og coming of age-historie, eit godt drama pakka inn i ei moderne knulleforpakning, seier debuterande regissør Johan Kaos.

«Eventyrland», som er regissør Arild Østin Ommundsens sjette film ut etter «Mongoland»-debuten i 2000, handlar om ei kvinne som akkurat er sleppt ut av fengsel – og draumen hennar om familie, kjærleik og ein heim.

Først ut av årets norske filmar er Hisham Zamans spelefilmdebut «Før snøen faller», som følgjer opp kortfilmen hans «Bawke» frå 2005. «Før snøen faller» vert karakterisert som ein utradisjonell roadmovie om ein ung kurdisk gut som legg ut på veg til Europa – for å drepe systera si, som har flykta på grunn av kjærleiken. Filmen har premiere 15. januar.

LES SISTE FILMNYTT HER!

Faktaboks

Her er kinovåren

* «Før snøen faller», premiere 15. januar, regi ved Isham Zaman: Om 16 år gamle Siyar som legg ut på reise for å gjenopprette familieæra, gjennom å drepe den rømde systera.

* «Gulabi Gang», premiere 18. januar, regi ved Nishta Jain, som har skrive manus med norske Torstein Grude: Om «den rosa gjengen» med indiske kvinner som reiser rundt på landsbygda for å lære medsystrene både om rettar – og sjølvforsvar.

* «Nåde», premiere 18. januar, tysk-norsk samproduksjon, regi ved Matthias Glasner: Eit tysk ektepar busett i Hammerfest held tett om bilulykka der dei drap ei ungjente, noko som får store konsekvensar.

* «En som deg», premiere 1. februar, regi ved Eirik Svensson: Handlar om spenninga som oppstår i møtet med kjærleiken, og kvar den tynne grensa går mellom den store kjærleiken – og den som ikkje er det.

* «Karsten og Petra blir bestevenner», premiere 15. februar, regi ved Arne Lindtner Næss: Barnefilm for dei aller yngste, basert på Tor Åge Bringsværds barnebøker.

* «Jag etter vind», premiere 15. februar, regi ved Rune Denstad Langlo: Meir svart humor frå Trøndelag, der Sven-Bertil Taube spelar bestefaren til det nye skodespelarhåpet Marie Blokhus i rolla som jenta som vender heim etter 10 år.

* «Victoria», premiere 1. mars, regi ved Torun Lian: Filmatiseringa av Knut Hamsuns evige kjærleiksdrama ved same namn, der også Bill Skarsgård er å sjå.

* «Eventyrland», premiere 22. mars, regi ved Arild Østin Ommundsen: Silje Salomonsen i si første hovudrolle som kvinna som drøymer om kjærleik og familieliv etter å ha sleppt ut av fengsel

* «Pelle politibil på sporet», premiere 3. mai, regi ved Rasmus A. Sivertsen og Rune Spaans: Tredje film ut om den svart-kvite politibobla.

* «Pornopung», premiere 19. juli, regi ved Johan Kaos: Filmatiseringa av Mads Larsens omdiskuterte bok om sjølvforbetringsprosjektet til ein usikker, ung mann som tar ei stygg vending. (©NPK)