Det finst minst 17 milliardar planetar med same storleik som vår eigen jordklode berre i Mjølkevegen. Truleg er talet mykje høgare, heiter det i ein ny studie.

NPK-NTB-TT-AFP
NPK-NTB-TT-AFP

Dagens berekning omfattar nemleg berre planetar som ligg svært nær stjernene sine. Det går ein planet på storleik med jorda i bane rundt kvar sjette av dei anslagsvis 100 milliardane stjerner i Mjølkevegen, viser studien.

Eksoplanetar
Han omfattar data som styrkjer teoriane om at det kan finnast andre planetar som liknar på jorda. Men dei nye funna betyr ikkje nødvendigvis at nokon av alle planetane utanfor solsystemet vårt – dei såkalla eksoplanetane – kan huse former for liv.

Studien byggjer på analysar av data frå det amerikanske romobservatoriet Kepler. Dei førebelse analysane er gjort av astrofysikaren François Fressin og kollegaene hans og vart presentert på eit møte arrangert av American Astronomical Society tysdag.

LES OGSÅ: Gullklump passerer Jorda

Storleik
Ifølgje desse analysane har 17 prosent av stjernene ein planet som er frå 0,8 til 1,25 gonger storleiken på jorda. Om lag ein firedel har ei såkalla «superjord», som er 1,25 til 2,0 gonger større enn vår. Omtrent like mange er frå to til fire gonger større, viser berekningane.

Mjølkevegen er den galaksen som jorda og solsystemet vårt er i. Diameteren på galaksen er rekna til å vere 100.000 lysår, ifølgje nettleksikonet Wikipedia. (©NPK)

QUIZ: Kva veit du om verdsrommet?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.41

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE