Namnlaus fjellkjede

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Den nesten 1.300 kilometer lange fjellkjeda som strekkjer seg frå Agder og Rogaland i sør til Finnmark i nord har faktisk ikkje noko namn. Det vil Norsk Geologisk Forening (NGF) gjera noko med, og har nå lansert ein namnekonkurranse.

Det var geologen Henrik Svensen som gjorde foreininga merksam på at fjellkjeda faktisk ikkje er namna, og at noko må gjerast med det. Geologiforeininga har fått med seg Den Norske Turistforening i å arrangere namnekonkurransen.

QUIZ: Har du peiling på nborsk geografi?

NGF vil ha inn klingande namneforslag utover våren og sommaren, og håpar å kunne lansere namnet på den store norske fjellkjeda på Geologiens Dag den 14. september. Foreininga har ei eiga heimeside med meir informasjon om dette; fjellkjeden.no.

Les saka i Fjuken!