Skipstunnel møter motstand

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Planane om ein skipstunnel forbi Stad frå Moldefjorden til Kjødepollen i Selje kommune møter kritikk frå forskarhald. Det melder Aftenposten.

– Dette var ein god idé i gamle dagar då båtane var små og passerte høvesvis nær land der havet er farlegast. I dag er båtane større og sikrare og lengre ut. Alvorlege skipsulykker høyrer til historia, skriv professor Knut Samset ved Norges Teknisk-Naturvitskaplege Universitet. Han leiar eit forskingsprogram som studerer effektar av store statlege investeringar.

Tunnelen forbi det vêrharde strekket har vore greia ut fleire gongar, og ifølgje Samset har det gong på gong blitt konkludert med at den samfunnsøkonomiske nytta er negativ. Det var også tilfelle i den siste kvalitetssikringa regjeringa fekk gjennomført (KS1).

Til våren skal regjeringa ta Nasjonal Transportplan leggast fram, og då skal det takast stilling om skipstunnelen skal byggjast eller ikkje. Det er sett av 200 millionar kroner til planlegging av tunnelen i Nasjonal Transportplan for perioden 2010 til 2019.

Lokalt engasjement for tunnel
I Sogn og Fjordane er det lokalpolitiske engasjementet for skipstunnelen sterkt. Stortingsrepresentant Svein Gjelseth (Ap) frå Herøy har også vore ein pådrivar for prosjektet. 

Ein av regjeringa sine føresetnader for å ta tunnelen inn i den nye nasjonale transportplanen, er at den samfunnsøkonomiske nytten er positiv.

Då kvalitetssikringa (KS1) viste negativ nytte, fekk forkjemparane for prosjektet gjennomført ein eigen analyse som viste positiv samfunnsmessig nytte. Forkjemparar for tunnelen meiner fleire ting ikkje var rekna med i  kvalitetssikringa til regjeringa .

Ordførar Ottar Nygård (Tverrpolitisk Liste) i Selje er ivrig forkjempar for prosjektet, og har tinga avtalar med LO-sjef Roar Flåthen og Arbeidarpartifolk denne månaden i eit håp om å overtale dei.

Han seier til Aftenposten at tunnelen bør byggjast fordi det sikrar betre regularitet i skipstrafikken, fører til at meir gods kan flyttast frå land til sjø, og at det muleggjer eit snøggbåtsamband langs kysten. I dag er Selje det nordlegaste anløpet for snøggbåten frå Bergen.

Stad skipstunnel er kostnadsrekna til 1,7 milliardar kroner for det største alternativet. Tunnelen vil vere om lag 1700 meter lang.

LES SAKA I VIKEBLADET!