Endre Kleiv (23) tenkjer aldri på livet før ulykka som gjorde han lam. 29. juli 2011 starta han på null. Og ser berre framover. 

Randi Berdal Hagen, VTB
Randi Berdal Hagen, VTB

Endre kjenner bensin som renn ned i augo hans. Han ligg opp ned. Er klar i hovudet, men hugsar ikkje korleis han hamna her. Hugsar berre han skulle ta seg ein røyk. Bilen har kollapsa, det klemmer på brystkassa. Han høyrer ei damestemme som snakkar til han, ser at nokon han kjenner prøvar å få laus føtene hans. Men han kjenner det ikkje. Kjenner ikkje noko lenger. Utanom bensinen som renn nedover andletet.

Samtidig, i familiens campingvogn i Stavern, sit mor Margit og far John, der dei er på ferie med storesyster til Endre og dotter hennar. Hadde Margit vore heime, ville ho vore på tråden til Endre no. Alltid når ho høyrer luftambulansen heime i Åmot, ringer ho sonen sin. Ho veit han er glad i å køyre bil. Og at han likar å køyre fort. Men ho er ikkje heime, så ho har ikkje høyrd luftambulansen som no kjem for å hente den einaste sonen hennar.  I staden får ho ein telefon ho aldri vil gløyme. Naboen som ringer er så oppskaka og vanskeleg å forstå at Margit fyrst trur det gjeld bror hennar.

Men det er ikkje broren. Det er Endre. Han har køyrd av vegen. I Åmot sentrum, i skråninga mot billaget. Bilen ligg på taket, smadra. Det ser ut som han har hatt ein del fart, det er ikkje ein naturleg plass å køyre ut. Ikkje på den måten.  Dei har reist med han i luftambulanse, får Margit beskjed om. Men ingen veit kvar dei har reist. Foreldra ringer fortvila rundt for å finne ut kvar sonen er på veg, og ikkje minst kva tilstand han er i. Omsider finn dei ut at han er frakta til Ullevål. Då skjønar dei at det er alvorleg. Margit kastar seg i bilen, John blir att. Dei vil ikkje vekke dei andre. Margit kjenner ho er heilt roleg der ho køyrer innover mot Oslo og Endre. Roleg heilt til ho kjem til Ullevål.  

Då kjenner ho det. Må køyre tre gonger rundt parkeringshuset før ho finn inngangen. Kjenner det bygger seg opp når ho blir møtt og fylgd rett inn på intensivavdelinga, inn til Endre.

– Du trong no ikkje detta i ferien din, er det fyrste Endre seier til mor si der han ligg. Då skjønar Margit at hovudet hans er uskadd. Mor og son snakkar saman i ein halvtime, før Endre må leggast i respirator. Margit får beskjed om at Endre har knekt nakken.  

– Men eg tenkte at det er jo mange som gjer det, og blir bra att, seier Margit.  

Aldri mista humøret  
Endre, Margit og John sit i stova heime i Åbø i Vinje og fortel om kvelden som forandra livet deira. Og om tida etterpå. Augo til John, den store, sterke mannen, fyllast med tårer når familien går gjennom alt som har skjedd. Om vanskeleg, uviss ventetid. Om dei vonde rykta om promillekøyring, som slett ikkje var sanne. Om tilbakeslaga når Endre har blitt dårleg. Om veldig mange spørsmål, men svært få svar.  Det er Endre som har vore aller sterkast oppe i det heile.  

– Han har rett i det, Endre, at det har vore verst for oss rundt han. Borna er det kjæraste ein har, seier faren stille.  Endres humør har halde familien oppreist. Ei ufatteleg evne til å berre sjå framover, aldri bak seg. Galgenhumoren og dei ekstremt kjappe replikkane. Det fekk personalet både på Ullevål og Sunnaas merke mykje til, då Endre tilbringa store delar av 2011 og 2012 på sjukehus.  

Små skritt framover  
I dag sit Endre i rullestol, kan bevege armane litt. Det er meir enn familien nokon gong torde å håpe på. På Ullevål fekk dei beskjed om at Endre var lam frå nakken og ned, og at det beste dei kunne håpe på var at Endre etter kvart kunne greie å puste sjølv. Ryggmergsskaden var uoppretteleg. Beskjeden var vond og nådelaus. Men Endre har heile tida nekta å gje seg. Har ikkje trudd på at ingenting kan gjerast. Han har aldri hatt planar om å leggje seg til og gje opp – trass fleire nedturar i form av infeksjonar og lungebetennelsar, som har tappa han for krefter.  

I dag, halvtanna år etter ulykka, kan han bruke både mobiltelefon og datamaskin. Han kan klø seg i andletet, og trille rullestolen litt på flatt golv. Han får stadig meir kjensle i huda, og han kan sykle på ein spesialsykkel som hjelper føtene rundt.  

Skal bli ingeniør  
Det overordna målet til Endre er å kunne gå att. Og heile vegen lagar han seg delmål. Små skritt på vegen framover. Fyrst vil han klare å trille stolen sin på eiga hand. Og han vil fullføre studiekompetansen sin til våren. Så vil han bli ingeniør. Sjølv om han blei råda til å vente, tok han tre fag medan han var på rehabilitering på Sunnaas. Dei tenkte det kom til å bli for mykje for han. Dei tok veldig feil.  Endre flirer når dei snakkar om spesialpedagogen på Sunnaas. Ho som spurde om han hadde lese- og skrivevanskar.  

– Eg har aldri hatt lesevanskar, svara Endre.  

– Men akkurat no har eg litt skrivevanskar. Pedagogen blei paff over det kjappe svaret frå guten som ikkje kunne røre armane. Og ho er ikkje den einaste som har blitt litt sett ut av dei kjappe replikkane til Endre. På Ullevål fekk han velje og vrake blant sjukepleiarane – mange ville vera hos den artige ungguten. Positiviteten og humoren sjarmerer kven som helst.

Korleis kan han vera så lite bitter etter noko slikt?  

– Det er som ein på Sunnaas sa til meg: Det er lettare å takle det å bli skadd som ung, enn som gamal. Då har du pågangsmot og livet framfor deg. Eg starta på null då eg kom til meg sjølv. Eg tenkjer aldri på det som var før. Det har vore lett for meg i forhold til kva det har vore for resten av familien, seier Endre.  

Tøft for familien  
Margit fortel at personalet på Ullevål førebudde dei på at dei måtte bli sterke, sterke nok til å takle når Endre fekk «smellen».  

– Då Endre var på Sunnaas, hadde eg samtalar med psykologen der. Då spurde han meg kva det var eg venta på. Eg ventar på at Endre får smellen, svara eg. Då flira psykologen av meg. «Det er ikkje Endre som får smellen», svara han. «Den er det du som får», seier mora.  Og det har vore tøft for Margit og John, og døtrene Hanne og Åsne Elin. Ljospunkta har vore barnebarna Solveig, Vilde og Mathias, som også Endre set stor pris på å vera onkel til.  

– Ulykka betydde ikkje slutten på noko, seier John.  

– Men det betydde ei endring i liva våre.  

Mange å takke  
Familien fullroser redningsmannskapa som kom til ulykkesstaden den vonde julidagen.  

– Me har alt å takke dei for. Det sa dei på Ullevål også, seier John. Familien vil også takke dei som har støtta dei, stilt opp. Familie, vener, naboar. Endres gode vener, som Arne Sanders og Eivind Dyhre, har vore viktige. Endre har rett til å velje assistentane sine sjølv, og både Arne og Eivind er tilsett som personlege assistentar. God kjemi er viktig når ein skal ha folk rundt seg heile tida.  

Endre har venta lenge på å få ein tilpassa bil han og assistentane kan bruke for å koma seg rundt. Dei har møtt velvilje og fått leige minibuss av Trond Sandok, slik at Endre kjem seg rundt. Han likar framleis godt å køyre bil, sjølv om det var bilkøyring som sette han i denne situasjonen. Prosessen med å få sitt eige hus er så vidt i gang, men det går seint. Det er vanskeleg å få svar, oversikt over kvar dei kan få støtte, og til kva. Familien saknar ein koordinator, ein person å vende seg til, som veit kvar dei kan få hjelp til kva. Trekkje i trådar, arbeide opp mot ulike etatar.  

Riksantikvaren har lagt vekt på menneskelege omsyn, og sagt ja til at Endre får bygge hus i Åbø, rett ved der han har vakse opp, trass i at tomta har mange kulturminne som må gravast ut fyrst.  

– Ikkje ver redde  
Så førebels bur han heime. Likar best når foreldra reiser vekk i helgene, så han og kompisane kan få huset for seg sjølv. Gjerne reise ut på fest saman. Han seier ulykka har gjort han merksam på kven som er dei ekte kompisane hans. Mange har trekt seg unna, synest det er vanskeleg. Strevar med å ta kontakt. Foreldra merkar det same.  

– Mange opplever det nok som vanskeleg å møte oss og Endre. Men ingen treng å vera redde for å stikke innom. Me er dei same personane som før. Dette kan skje kven som helst – no skjedde det oss. For oss har det heile tida vore viktig å vera opne. Og Endre bit ikkje, han berre slår litt, skjemtar Margit.  

– Nei, då må du heller seie at eg berre bit, for eg greier jo ikkje noko anna, repliserer Endre med ein gong.  Faren John ler, og slår nok ein gong fast at det har vore mykje latter oppi alt saman. Men livet er endra.  

– Livet er ikkje likeeins no som det var for to år sidan, seier John igjen.

 – Nei, det er mykje slappare no, smiler Endre. 

Denne artikkelen stod fyrst på trykk i Vest-Telemark Blad

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.41

LES OGSÅ

ANNONSE