Ti år med forsking viser at skytespel er god hjernetrim, ifølgje det amerikanske psykologiske tidsskriftet Scientific American Mind.

NPK-NTB
NPK-NTB

Magasinet har gjennomgått fleire studiar for å finne ut kva verknad denne dataspelsjangeren har på ulike ferdigheiter. Konklusjonen er at spelarar blant anna får betre evne til å styre merksemda, resonnere og ta avgjerder, skriv Vårt Land.

Effekten er størst spesielt i førstepersonsskytespel, som til dømes Call of Duty-serien, ifølgje forskinga.

LES OGSÅ: Snillare av dataspel?

Nevroforskar Daphne Bavelier ved University of Rochester og Universitetet i Genève meiner skytespel styrkar hjernen si evne til å lære. Ho har utført ein studie der deltakarane skulle telje kor mange firkantar som blinka samtidig på ein skjerm. Dei av deltakarane som spelte data, klarte øvinga betre enn dei som aldri spelte. Folk som speler actionfylte dataspel har dessutan betre evne til å sjå detaljar i rotete omgivnader, noko som er viktig for å utvikle leseferdigheiter, konkluderer ho.

Men psykolog Bente Arntzen, som driver Nettapi, ein klinikk for behandling av avhengnad, meiner skytespel ikkje er nødvendig for å trene opp slike ferdigheiter. Ho meiner bilkøyring gjer same nytte, og viser til at drosjesjåførar har eit større område i hjernen som tolkar og oppfattar romslege bilete enn andre.

Ein annan studie viser at kirurgar som var gode i dataspel, utøvde yrket betre enn kollegaer som ikkje speler. Same samanheng har forskarar funne hos pilotar. (©NPK)

LES OGSÅ: Valdelege dataspel går fri

Trur du ein blir smartare av å spela valdelege dataspel?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.41

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE