Så langt i år har det vore 29 drap i Noreg. Det er lågare enn på mange år. Forskarane meiner det gode livet i Noreg er årsaka.

NPK-NTB
NPK-NTB

Talet på drap i Noreg har dei siste åra lege stabilt i overkant av 30. Ser ein bort frå terroraksjonane 22. juli i fjor, var det 34 drap i fjor, 31 drap i 2010 og 30 drap i 2009, skriv Dagbladet.

Fleire forskarar meiner det er det gode livet i Noreg som gjer oss mindre valdelege og fører til så få drap i eit land med fem millionar innbyggjarar.

– Vi veit at når det er store skilnader i samfunnet på til dømes fattig og rik, likestilling og legitimitet i folket, er det meir vald. I Noreg er desse risikofaktorane for utøving av vald nærmast heilt fjerna, seier valdsforskar Ragnhild Bjørnebekk ved Politihøgskolen.

Kriminolog og drapsforskar Vibeke Ottesen ved Universitetet i Oslo meiner samfunnsstrukturen og det at forholda i psykiatrien er så stabile i Noreg, også er med på å halde drapsfrekvensen nede. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.41

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE