Byt julegåvene i god tid

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Forbrukarrådet minner om at byteretten ikkje er ein lovfesta rett, men at dei fleste butikkane av sedvane lar folk byte julegåver i dagane etter jul.

– Be om å få byte med eit smil. Da går det som oftast greitt, seier kommunikasjonsrådgivar Martin Skaug Halsos i Forbrukarrådet. Butikkane avgjer sjølv om dei vil byte julegåver mot andre varer, og dermed set dei også bytefristen sjølve. Den kan variere frå ei veke til eit halvt år.

– Hovudregelen er at du bør byte så raskt som råd etter jul, seier Halsos. Om gåva er kjøpt i ein nettbutikk, er reglane litt strammare. Der gir lova fjorten dagars angrefrist. Den fristen har ofte gått ut på julaftan, men da har ein del nettbutikkar litt romslegare vilkår. 

QUIZ: Kva kan du om jul? 

Fleire råd frå Forbrukarrådet

– Byt i god tid

– Ta med gåva i originalemballasjen 

–  Ikkje bryt forseglinga på cd-plater og dataspel

–  Be om tilgodelapp

GÅ TIL JULESIDENE VÅRE!