Ord frå ein apostat

Bjarne Bjørnevik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I ei ny songbok med julesongar gjeve ut på Humanist Forlag har forfattarane teke med ein ny og avkristna versjon av den kjende salmen «deilig er jorden». Som om ikkje det var nok har Hedningssamfunnet lagt ut ein ikkje-kristen versjon av adventssongen «Tenn lys» på nettstaden sin. Bakhaldsåtaket i midten av julestria er eit umusikalsk lågmål i den pågåande sekulariseringa av det norske samfunnet. Tanken bak dei perfide julesongane skal mellom anna vere at dei kan nyttast i skular og barnehagar. Humanistisk forlag og Hedningssamfunnet stadfestar slik den gamle, inngrodde kongstanken som har kjenneteikna sekularismen sidan han først kravla seg fram gjennom dei blodige revolusjonsgatene i Paris og byrja si ferd gjennom historia: sekularismen er inkluderande, open og nøytral, medan kristendomen og andre religionar står for det ekskluderande og sneversynte.

I det offentlege rommet gjev tanken om den partikulære og ekskluderande religionen seg uttrykk i at ein ikkje kan kome til torgs med argument og synspunkt som er religiøst fundamentert. For å sikre eit felles forum kvar alle kan ta del, har ein vist religionen bort til eit pensjonisttilvære i den personlege sfæren. I røynda er dette ein av sekularismen sine illusjonar, at han liksom skal representere noko ålment og inkluderande og uttrykkjer noko som me alle kan kjenne oss att i. Sekularisering som prosess inneber at ein går frå eit samfunn kjenneteikna av religiøse verdiar, til eit som ligg nærare opp til verdslege verdiar. Men verdslege verdiar er ikkje nøytrale, og sekularismen sitt krav om at argument og synspunkt i det offentlege ordskiftet skal vere rasjonelle og fornuftsbaserte er ikkje ein nøytral ståstad. Det sekulære er ikkje og har heller aldri vore eit nøytralt utgangspunkt, likevel stengjer ein religionar ute som legitime, meiningsberande aktørar i samfunnet. Kva er det som gjer at alt som ikkje er sekulært blir marginalisert og handsama som ein historisk kuriositet, som noko gammaldags me for lengst er ferdige med? Akkurat korleis er ein sekulær bodskap meir inkluderande og nøytralt fundamentert enn ein religiøs? Og kvifor er det berre religiøse aktørar som blir utestengt frå den offentlege samtalen under skuldingar om å vere sære og ekskluderande? Sekularismen har gjeve seg sjølv i nådegåve å vere det offentlege rommet sin absolutte målestokk, og nektar avvikande røyster innpass i offentlegheita, fordi desse av ein eller annan grunn som ingen kjenner til er uttrykk for ekskluderande særinteresser.

Det skal ikkje ei særleg djup dissekering av sekularismen til for å avsløre at han har avla fram eit einfelt fokus på framsteg, fornuft og vitskap. Framveksten av sekularismen bannlyste religionen frå det offentlege ordskiftet, og for å fylle tomrommet og gje menneske noko å tru på fekk ein fenomen som er minst like abstrakte og udefinerbare som gudsomgrepet. Trua på det evige framsteget er eit døme på dette. For kva er eigentleg framsteg? For ein kan framsteg tyde materiell framgang, for ein annan kan det tyde åndeleg tæring. Nokon assosierer det med nyttige kjøkkenreiskapar, medan andre igjen byrjar tenkje på atombomba. Likevel gjer sekulære humanistar stadig den kardinalfeilen det er å utrope ein slik typisk sekulær verdi til noko nøytralt som alle kan einast om. Med ein arroganse som grenser til det ignorante ser ein bort frå at europeisk intellektuell historie inneheld ein lysande åre av markant kritikk av den likevel så slitesterke trua på framsteg, fornuft og vitskap.

Det er nett den sekulære målestokken som driv sitt skuggespel i kulissane når ein har byrja å framføre tradisjonelle julesongar med ein krampaktig sekulær bodskap og er eplekjekke nok til å hevde at dei passar betre i offentlege arenaer som skular og barnehagar. Og det er dette som er det prinsipielt sett springande punktet: Ved å gje julesongar ein verdsleg og sekulær bodskap blir han visstnok som med eit trylleslag open og tilgjengeleg for alle på tvers av ulike religionar og livssyn. Tilmed jula som kristen tradisjon skal reduserast til noko som ekskluderer og viser andre bort, medan den eigentlege, skjulte sanninga er at sekularismen under dekkje av å vere universell vonar å skubbe den kristne kulturtradisjonen enda lenger ut i adventskulda. For lengst har han missa herredømet over si eiga høgtid til angloamerikansk konsumkultur og grådig førjulsmaterialisme, men dette er tydelegvis ikkje nok: enden på visa får me ikkje før sekularismen i fellesskap med sin personlege ågerkar, den globale kapitalismen, har jaga den kristne julebodskapen langt ut i desembermørket og lukkast med å gjere julehøgtida nøytral, open og omsetjeleg.

Humanistane og heidningane er så opphengde i si eiga infantile tru på at dei representerer noko nøytralt og inkluderande, at dei ikkje ein gong tek seg bryet med å skape ein eigen tradisjon og identitet. I staden satsar dei på å desinfisere gamle julesongar inntil dei er så antiseptiske, bakteriefrie og identitetslause at dei ikkje er til å kjenne att. Freistnaden på å gje kristne julesongar eit sekulært innhald kokar ned til ein snodig form for voyeurisme. Det minnar mest om ein nyfiken førstereisgut som smyg seg langsmed veggane åt horehuset, men ikkje vågar å gå inn dørene. Derfor nøyer han seg heller med å kike gjennom sprekkene og nyte all herlegdomen på trygg avstand til alle farar som lurer innanfor.

 

Først publisert på Magasinett