Topp-15 blant norske attraksjonar
NRK-programmet om Telemarkskanalen gav kanalen godt omdømme.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Topp-15 blant norske reisemål
Ei omdømmeundersøking gjort av MMI i september, to veker etter NRK sitt program «Telemarkskanalen minutt for minutt», viser at over halvparten av den norske befolkninga (51 prosent) har et godt inntrykk av Telemarkskanalen som attraksjon. Nesten ingen (1 prosent) har eit dårleg inntrykk av Telemarkskanalen. Dette plasserer Telemarkskanalen på 15. plass blant 52 målte attraksjonar i Noreg, framfor storheiter som Flåmsbana, Nordkapp, Maihaugen, Nasjonalgalleriet og Munch-museet.
Den same undersøkinga blei gjennomført i 2007, og då blei Telemarkskanalen rangert som nummer 27 av 50 attraksjonar.