Same prosedyre

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Are Kalvø: Same prosedyre

 

Sjå berre her kor mange grunnar som finst for å ha dårlig samvit akkurat no før jul:

Folk bruker mykje pengar, sjølv om veldig mange i verden ikkje har så mykje pengar å bruke.

Folk kjøper altfor mange julegåver til ungane sine, sjølv om det kan skape ein generasjon som forventar å få alt dei peiker på.

Folk handlar i butikkar som er opne både på søndagar og på kveldstid i desember, sjølv om vi veit at dei som jobbar i desse butikkane blir slitne og kanskje aldri får tid til å bruke mykje pengar på altfor mange julegåver til ungane sine.

Folk forventar å få julematen sin så billig at han umulig kan ha blitt til utan at grisen har stått og hylt. Og det kanskje utan at grisen eingong veit at han skal slaktast. Men han hyler altså likevel.

Og ganske kule norske artistar opptrer på konsert på slottet, sjølv om dei må vite for ein smerte dei dermed påfører tynnhåra musikk-kritikarar som tidligare har sagt offentlig at dei liker desse artistane.

Dessutan kan du få kreft. Ikkje av jula, nødvendigvis, men du kan få det. Det må du aldri gløyme.

 

Og dette er berre nokre få av dei mange grunnane til å få dårlig samvit før jul.

 

Denne utviklinga har bekymra ekspertar og frivillige organisasjonar i årevis.

Likevel ser det ikkje ut til at spesielt mange er særlig plaga av dårlig samvit før jul.

Denne utviklinga bekymrar no ekspertar og frivillige organisasjonar.

 

– Mange slit nok med dårlig samvit for at dei ikkje har dårligare samvit i jula, seier ein ekspert vi alltid intervjuar på denne tida av året. Eg trur han er forbruksforskar. Eller ein annan slags forskar. Eller så jobbar han i Framtiden i våre hender eller SV eller noko. Eg er ikkje sikker. Han er bekymra, i alle fall. I år meir enn nokon gong:

– Jula er ei tid for dårlig samvit. Det vi ser no, er at jula har blitt så stressande og hektisk at folk ikkje eingong har tid til å kjenne på det dårlige samvitet dei veit dei burde kjenne på. Det er klart at det gir folk dårlig samvit.

– Men folk vi har snakka med på kjøpesenter seier at dei ikkje har dårlig samvit?

– Ikkje eingong for at dei ikkje har dårligare samvit?

– Nei.

– Fortalde du dei at dei burde ha dårlig samvit?

– Ja

– Og det hjelpte heller ikkje?

– Nei.

– Dæven. Då har situasjonen blitt så alvorlig at folk fornektar at dei har dårlig samvit for at dei ikkje har dårligare samvit, sjølv om dei veit at dei burde ha dårlig samvit. Det er ikkje rart folk får dårlig samvit.

– Eller kan det hende folk rett og slett ikkje har dårlig samvit?

– Då burde folk tenke meir på alle oss som ikkje har det så bra i førjulstida.

– Oss?

– Ja. Oss. Vi som kvar førjul framstår som gledesdreparar som seier at jula har tatt av og at folk kjøper for mange gåver og bruker for mykje pengar. Det er jo ikkje dette vi vil. Vi driv jo eigentlig med skikkelige ting. Avskaffar fattigdom og slikt. Dette med jula er berre ein liten filleting. Men det blir lett diskusjon av det. Så då stiller vi jo opp. Så sitt eg her då, kvart år, og ser sur ut og seier at folk burde ha dårlig samvit. Men det er jo ikkje dette eg vil. Sjølvsagt er det ikkje det.

– Eg forstår. No fekk eg faktisk litt dårlig samvit for at eg utsett deg for dette kvart år.

– Fint. Det er trass alt det jula handlar om.

– Snakkast same tid neste år, eller?

– Sjølvsagt! Berre ring du. Og god jul.

– God jul til deg også.

Artikkelen blei først publisert i Aftenposten 22. desember.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!