Klar med ny internett-kassett

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Klar med ny nett-kassett

– Då har me ein ny kassett til alle som likar slikt. Det er som alltid ei salig blanding: me har rap frå Hareid, reggae frå Ålesund, hardcore ravemusikk frå Trondheim, og eit par legender frå Eid som kastar opp W-ar. Og Ane Brun. Og Side Brok. Dessutan gjer pinaDgreitt-veteranane i byGDEkRap comeback med ein song om Kvivsvegen, og Thorstein Hyl er svært stolt over å ha fått med seg sin nye yndlingsrappar, HanderreLinni frå YoGuttene på ein låt. Og mykje meir, melder Side Brok på heimesidene sine.

LES OGSÅ: Side Brok gir seg

Kassetten er sett i hop av Sjef R. Høyr låtane her!