Milliardmannen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Psy passerte milliardmerket fredag ettermiddag, norsk tid. Då hadde han lagt Justin Bieber langt bak seg – det canadiske tenåringsidolet hadde framleis i underkant av 820 millionar visningar av videoen «Baby» på YouTube.

Psy har dei siste månadene tatt grovt for seg av musikkprisar og har fått vist seg fram både i sjefsetasjane i FN og i den amerikanske valkampen. Somme har meint at han er ei døgnfluge, men fluga har i så fall vist seg å vere uvanleg seigliva.

– Ein milliard visningar er eit utruleg tal, seier YouTube-talsmann Kevin Allocca, som meiner suksessen til Psy først og fremst kjem av at låten er fengjande, ifølgje fleire internasjonale nyhendebyrå.

LES OGSÅ: Beste skandinaviske musikkvideo

Guten frå Gangnam
Tittelen «Gangnam Style» speler på eit rikmannsstrøk i den sørkoreanske hovudstaden Seoul. Psy, eller Park Jae-sang som han eigentleg heiter, kjem nettopp frå Gangnam. Han er son til styreleiaren for eit større børsnotert elektronikkfirma.

Park Jae-sang likte ikkje å gå på skulen. Ein av hans tidlegare lærarar har fortald at ofte han stal merksemda ved å fortelja grisevitsar.

Musikkinteressa skal Park Jae-sang ha fått då han såg opptak av ein Queen-konsert på Wembley på tv.

I 1996 drog Park Jae-sang til USA for å studera økonomi og forretningsdrift, men mista fort interessa. Han brukte heller pengane sine på musikkinstrument. Han byrja å studera musikk på Berklee College of Music.

Gå til temasidene våre for musikk her!

Psy
Tilbake til Sør-Korea debuterte han på koreansk tv i 2000. Dansinga hans blei lagt merke til av ein tv-produsent.

I januar 2001 debutante han med albumen PSY from the PSYcho World!. På grunn av upassande innhald blei han bøtelagt av dei koreanske styremaktene. Sidan har han heldt fram med å vera ein kontroversiell artist.

I 2002 deltok han på ein anti-amerikansk konsert, i samband med at ein amerikanske militærkonvoi køyrde over to koreanske jenter på 14 år. I 2004 brukte han sterke ord mot USA, noko han i desember i år gjekk ut og bad om orsaking for.

«Gangnam Style»-songen gav han ut på PSY 6-plata i juli i år. I august kom videoen på 1.plass av dei mest sette videoane på Youtube den månaden, og på 1. plass på iTunes. 

Verdsstjerna
I oktober fekk han møta generalsekretæren i FN, landsmannen Ban Ki-moon, i hovudkvarteret i New York.

På nyttårsaftan fyller Psy 35 år. Då kan han dansa saman med kona og tvillingdøtrene inn i det nye året saman med nye millionar av avspelingar på Youtube. Så spørst det om han kjem med nye hitar etter kvart.

Styresmaktene og næringslivet i Sør-Korea følgjer svært nøye med på suksessen hans. Dei meiner at landet som sel alt frå tankskip til bilar og forbrukarelektronikk til resten av verda, kan ha funne ei ny eksportvare i popmusikken

Kjelde: Wikipedia, Reuters, NTB