3000 år med mayahistorie

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Overlevde du? Ta deg ein sigar!

Ordet sigar har verda fått frå eit maya-språk. Ordet sik’ar tyder røyking, melder leksikonet Allkunne. Maya, eller yucatekisk maya, er førstespråket til om lag 800.000 menneske på Yucatán-halvøya i Mexico, pluss nokre tusen i Belize og Guatemala.

Mayaene utvikla ei rekke bystatar i ein sivilisasjon som hadde stordomstida si frå 250 til 900 etter Kristus. Mayaene var ein del av den amerikanske precolumbianske kulturen, men det bur framleis millionar av mayaer i det sørlege Mexico og det nordlege Mellomamerika. Dei har halde på mange føreuropeiske skikkar og fleire av dei snakkar ulike mayaspråk, kjem det fram ifølgje Wikipedia.

Pyramidar
Arkeologiske funn fortel at mayaer byrja byggja seremoniell arkitektur for om lag 3000 år sidan. Mayaene overtok etter den før-klassiske mesoamerikanske sivilisasjonen til olmekarane. Olmekarane og dei tidlegaste mayaene ser ut til å ha hatt innverknad på kvarandre. Dei tidlegaste mayamonumenta består av enkle gravhaugar, forløparar for pyramidane som var sett opp seinare.

Mayaer bygde berømte byar som Tikal, Palenque, Copán og Kalakmul. Dei grunnla eit landbruksintensivt rike med mange sjølvstendige bystatar.

Dei mest iaugefallande monumenta er mayapyramidane, som vart bygd i dei religiøse sentra og palassa til dei herskande. Andre viktige arkeologiske levningar er mellom anna utskorne steinplater som mayaene kalla tetun eller tre-stein. Desse viser herskarar og inneheld hieroglyftekstar som fortel om slekt og sigrar i krig.

LES OGSÅ: 2012 – det siste året?

Maya-tala
Mayasivilisasjonen brukte eit tjuetalssystem. Mayaene, eller olmekarane før dei, utvikla omgrepet null før ein gjorde det i Eurasia.

Inskripsjonar viser at dei til tider arbeidde med summar på opptil fleire hundre millionar. Dei utførte nøyaktige astronomiske observasjonar, og rekna ut lengda på solåret noko meir nøyaktig enn den gregorianske kalenderen.

Fredag 21. desember er den siste datoen i den 5125 år gamle kalenderen.

(saka held fram under bildet!)

Ruinane i Palenque. Foto: Peter Andersen/Wikipedia/CC-lisens

Mayaene sin tilbakegang
På 700- og 800-talet tok det til å gå tilbake for den klassiske mayakulturen, og dei fleste byane i det sentrale låglandet blei fråflytta. Det finst arkeologiske funn for krigføring, svolt og opprør i ulike utgravingar i dette området. Nedgangen kan ha kome av faktorar som krig, utarming av matjord og tørke, eller fleire av desse saman.

Ny forsking viser at perioden mellom 450-660 var ein våt og fruktbar periode i Maya-riket. Klimaendringar medførte tørke og svolt.

Mayabyane i det nordlege låglandet på Yucatán blomstra framleis i nokre hundreår. Dei viktigaste byane på denne tida var Chichen Itza, Uxmal, Etzna og Coba. Etter at herskardynastia fall i Chichen Itza og Uxmal, herska Mayapan over heile Yucatán fram til eit opprør i 1450. Etter dette blei området omdanna til bystatar fram til erobringa av dei spanske conquistadorane.

I høglandet i sør levde mayastaten vidare. Eit av mayarika i området, Quiche, er kjent for det historiografiske og mytologiske arbeidet, Popol Vuh. Frå 1520-åra tok spanjolane til å erobra mayaområda, men nokre mayarike gjorde hard motstand, og den siste blei først overvunnen av spanske styrkar i 1697.

LES OGSÅ: Blir framtida tørr for landbruket?

Mayaer seinare
Mange av dei som bur på landet i Guatemala og Belize er mayaer av avstamming og har framleis mayaspråk som morsmål. Det finst også stadig ein mayakultur på landet i Mexico.

Synet på mayaene i omverda
Dei spanske amerikanske koloniane var stort sett avskore frå resten av verda, og ruinane av dei gamle mayabyane var derfor stort sett ukjende, bortsett for frå dei som budde i nærleiken. I 1839 kom USA-amerikanske John Lloyd Stephens, som hadde høyrt om ruiner i jungelen, saman med den engelske arkitekten og teiknaren Frederick Catherwood til Copan, Palenque og andre stader. Deira skildringar og illustrasjonar om ruinbyane førte til stor interesse blant dei som budde i heile området. Ruinane blei også kjende elles i verda, og mange av dei er i dag viktige turistmål.