Her er det mest verdiskaping

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Verdiskapinga rekna per sysselsett var høgast i Oslo og Rogaland i 2010, viser nye tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB). Samstundes er den disponible inntekta per innbyggjar relativt jamt fordelt mellom fylka.

Bruttoproduktet per sysselsett for Oslo låg 19 prosent over landsgjennomsnittet i 2010. Ein sysselsett i Oslo bidrog med 823.623 kroner på bruttonasjonalproduktet. Ifølgje SSB må dette sjåast i samanheng med at nærare halvparten av produksjonen i bank- og finansnæringane er lokalisert til Oslo. Omsetnad og drift av eigedom bidreg òg til høgare tal for hovudstaden.

Rogaland låg 12 prosent over landsgjennomsnittet, sjølv når utvinning av petroleum er frårekna.

LES OGSÅ: Kva skal Noreg leva av?

Meir industri
Bruttoproduktet per sysselsett i Akershus, Møre og Romsdal og Vest-Agder låg om lag 3 prosent over landsgjennomsnittet, medan Hordaland var tilnærma på gjennomsnittet. I Møre og Romsdal og Vest-Agder utgjorde industrien over 20 prosent av verdiskapinga i 2010.

Lågast bruttoprodukt per sysselsett finn me i Nord-Trøndelag, Hedmark og Oppland. Desse fylka låg nærare 20 prosent under landsgjennomsnittet. Òg dei to nordlegaste fylka låg klart under gjennomsnittet.

LES OGSÅ: Kulturnæring for framtida

Best råd i Oslo og Akershus
Disponibel inntekt per innbyggjar var høgast i Oslo og Akershus og låg over 10 prosent høgare enn landsgjennomsnittet. I Rogaland var inntekta 5 prosent over. Lågast disponibel inntekt hadde innbyggjarane i Nord-Trøndelag. Her var inntekta 10 prosent under landsgjennomsnittet.