Høgre på vennetoppen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Det viser Klassekampens gjennomgang av selskapsutnemningane til den førre og den sitjande regjeringa. Høgre favoriserte sine eigne langt oftare enn næringsminister Trond Giske (Ap) gjer:

Då den Høgre-dominerte Bondevik II-regjeringa gjekk av i 2005, sat det elleve personar med bakgrunn frå Høgre i styra til statsselskapa. I dag sitt det sju personar med Ap-bakgrunn i styra til statseigde selskap.

I tillegg er det i dag like mange Høgre-politikarar som Ap-folk i styra. Då Høgre styrte i 2005, var det berre to Ap-folk i styra. (©NPK)