Det har komme færre norske e-bøker i år enn bokbransjen forventa. I underkant av 4.000 titlar er no tilgjengelege som e-bøker, cirka 2.000 færre enn Forleggjarforeininga spådde i mars.

NPK-NTB-Trine Andersen
NPK-NTB-Trine Andersen

Målet om 10.000 titlar ved utgangen av neste år blir heller ikkje nådd, viser den tredje rapporten til Den norske Forleggerforening og Bokhandlerforeningen om det digitale Bok-Noreg.

I rapporten, som vart offentleggjort tysdag, vert det rekna med at det vil komme 3.000 nye e-boktitlar neste år, noko som betyr at cirka 7.000 titlar frå norske forlag vil vere tilgjengeleg som e-bøker ved utgangen av 2013.

Teste interessa
I undersøkinga vert det gitt fleire svar på kvifor talet på e-bøker ikkje vart så høgt som stipulert for åtte månader sidan.

LES OGSÅ: Fløymer over av erotikk og sybøker

– For nokre har rettsklareringa for visse utgjevingar vore meir omfattande enn venta, og tilrettelegging for digitalisering av backlist har tatt lengre tid enn planlagt. Andre meiner at marknadsutviklinga tilseier ein litt svakare utviklingstakt, heiter det i rapporten.

I haust har over 80 prosent av titlar som eignar seg for e-bokpublisering blitt lanserte samtidig som e- og p-bok. Forleggjarforeininga meiner at med dei 4.000 titlane som no er tilgjengelege, er tilbodet no så stort at det i 2013 er mogleg å få testa ut den reelle interessa hos norske kundar for å lese e-bøker i staden for papirbøker.

Fire av ti gratis
Salet av e-bøker har auka med 450 prosent på eitt år, men e-bokmarknaden er likevel marginal. E-boksalet utgjer berre 0,6 prosent av omsetnaden av skjønn- og generell litteratur.

Mykje av e-bokvolumet er dessutan gratisbøker. Fire av ti e-bøker som har vore omsette i år, er gratisbøker som dei ulike nettbokhandlarane har gitt til kundane for å stimulere e-boklesing.

LES OGSÅ: – Derfor les me bøker

– Det er ein klassisk strategi i ein nystarta marknad. Det viser at salsleddet er villig til å gjere ein innsats for at kundane skal ta i bruk e-boka. Delen gratisbøker vil bli mykje mindre når fleire og fleire tar i bruk digitale bøker, seier direktør Kristenn Einarsson i Forleggjarforeininga til Dagbladet.

Einarsson meiner at den vidare utviklinga i marknaden i stor grad vil styrast av lysta til dei norske lesarane til å ta i bruk lesebretta for boklesing.

– Det er no eit tosifra tal på nettbokhandlarar å velje mellom. Langt dei fleste nye titlane som eignar seg som e-bok vil bli lansert samtidig i begge formene. Og e-bøkene vert kraftig rabatterte frå bokbransjen, skriv Einarsson i eit debattinnlegg i Dagbladet tysdag. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.41

Kommentarar

ANNONSE