Spesielt farlege tilhøve i fjellet

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

– Sjølv om det berre er eit tynt snølag på flatene, har fokksnø og vind frå sør-aust gjort tilhøva i fjellet svært spesielle, seier Lunde.

Strukturen i snøen er heilt spesiell, og ein kan faktisk fjernutløyse skred.

– Mange har snart juleferie, og det kjem mange sprekingar heim til Ottadalen som har lyst på ein skitur i fjellet. Eg må koma ei klar åtvaring om at ein må halde seg unna brattheng nå, seier skredeskperten.

Lunde seier at det må mildver eller tung snø til for å endre tilhøva.

– Viss det blir som nå er snøen som ei musefelle, som kan klappe saman når som helst. Det er meldt klårver framover, og tilhøva vil da ikkje endre seg, seier han.

Eg har vore ute å sjekka dei siste dagane, og kan ikkje sitja roleg med den kunnskapen eg har nå. Eg må på det sterkaste åtvare, seier Lunde og minner om hovudregelen om å halde god avstand frå bratte heng, minst tre gonger høgda av henget.

– Det er mogleg å fjernutløyse skred, det vil seia at ein kan forårsake brotforplanting i snødekket over store avstandar – også nede på flatene, seier Albert Lunde.

LES SAKA I FJUKEN!