Med lisens til mykje meir vald

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Drep dobbelt så mange

Mykje har endra seg sidan Sean Connery sprada rundt med Ursula Andress i den første bondfilmen i 1962. I ei undersøking av Helene McAnally og kollegaene hennar viser at talet på drap og valdshandlingar er mykje høgare no enn for dei første Bond-filmane, melder Forskning.no.

Medan forskarane fann 109 valdshandlinger i Dr. No, var det tilsvarande talet for Quantum of Solace 250. Og det var den tunge valden som auka mest. Forskarane fann ein tredobling i talet alvorlege valdshandlingar.

QUIZ: Kva veit du om James Bond?

Forskarane bak studien meiner Bond-filmane er ein god test for å sjekka om filmar har blitt generelt meir valdelege. Helene McAnally meiner funna bør vera eit argument for strengare aldersgrense på filmane i framtida. I USA har Bond-filmane stort sett 13-årgrense, medan dei i Noreg har 15-årsgrense.

Også avisa Guardian har vist interesse for valdshandlingar i Bond-filmane. I ei oversikt dei har laga viser at Bond drap 354 menneske i løpet av dei 22 offisielle filmane. Totalt har 1299 menneske døydd – og det før Skyfall hadde premiere. Flesteparten av drapa er det skurkane som står bak. Men i GoldenEye er det James Bond som drep flest (47). Totalt er Pierce Brosnan den dødelegaste agent 007, med 135 drap på samvitet.