Bønder tener meir utanomgards

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Bønder tener mindre

Tidlegare i veka vart det kjent at driftsgranskingane til Norsk institutt for landbruksøkonomisk forsking (Nilf) viser at bønder i fjor tente mindre enn året før. I tillegg viser granskingane at bøndene hentar stadig meir av totalinntekta utanfor gardsdrifta, skriv Nationen.

– Jordbruksinntekta utgjorde i fjor ned mot 40 prosent av totalinntekta til bondefamilien. Dårleg lønnsnemnd i jordbruket kan vera medverkande årsak til at bonden bruker stadig meir av tida til arbeid utanfor garden, seier Nilf-forskar Eva Øvren.

I fjor var samla løn frå arbeid utanom garden på over 330.000 kroner pr bruk i snitt, og veksten i lønsinntekta frå 2007 var meir enn tre gonger større enn auken bonden fekk i jordbruksinntekter.

– Fleire er nok avhengige av lønsinntekter utanom garden for å klara gjeldsbyrda, seier Øvren til Nationen.

QUIZ: Kva veit du om norsk landbruk?

Stor og veksande arbeidsinnsats utanom garden kan få konsekvensar for avling og matproduksjon, vedgår landbruksforskarar. Dei siste åra har ein sett klare teikn til lågare arealproduktivitet og mindre avling per dekar.

– Utviklinga kan få ein sjølvforsterkande effekt. Om bonden bruker stadig mindre tid på garden, kan det gå ut over både avlingar og resultat. Bonden må ha tid til å sjå til produksjonen og dyra. Elles kan tapa bli større, seier Øvren. (©NPK)