Går ikkje i luksusfella

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Når elevane no skal læra å rekna ut areal, får dei «kjøpa» måling og tapet, og pussa opp.

— Eg seier ja til alt ho finn.

Tilståinga kjem frå Atle Wannberg (12) som saman med Solvår Haraldseid (12) planlegg oppussing av gjesterommet i huset sitt. No er tapeten plukka ut, og dei to er i ferd med å rekna ut kva det vil kosta å måla taket kvitt, tapetsera veggen og leggja nytt golv.

7. klasse ved Skjold skule har sidan i haust arbeidd med eit matteprosjekt som dreier seg om økonomistyring.

Maks 5.000
No har kontaktlærar Marianne Hanssen forklart korleis ein går fram for å rekna ut kor mykje måling eller tapet som trengst til ein vegg, og vist prislista over utstyret som må til.

— De skal setja opp eit budsjett over kva oppussinga vil kosta, og kan ikkje bruka meir enn maks 5.000 kroner, forklarer ho, medan kontaktlærar Marion Haga skriv dei viktigaste punkta på tavla. Elevane får henta seg fargekart og bøker med tapetprøvar, så er dei i gang.

Forstå matematikk
— Me gjer dette for at elevane skal få forståing for matematikk på ein annan måte og sjå kva dei kan bruka matematikken til heilt konkret. Viss ei jente får beskjed om at ei bukse er nedsett med 50 prosent, veit ho gjerne at det er snakk om halv pris. Men får dei prosentoppgåver i bøkene på skulen, er det vanskelegare å forstå, seier Hanssen.

Saman med Haga er ho hjernen bak det originale prosjektet. To og to elevar skal styra ei hushaldning. Kvart ektepar har kvar sine jobbar, dei har funne ut kor mykje dei tener, rekna ut skatt, kjøpt seg bilar, søkt banken om lån, rekna på forsikring, sett opp middagsplan og matbudsjett for ein månad, og no er dei altså i gang med oppussing av husa sine og å rekna ut areal.

— Alle fire rekneartane kjem inn. Me fletter inn det dei kan, og den grunnleggjande matematikken må liggja i botnen, derfor arbeider me parallelt med ordinær mattematikkundervisning og dette prosjektet. Det tek litt tid, men elevane er engasjerte og får med seg ny kunnskap og erfaring, seier Hanssen.

Ho fortel at nokre fekk seg ei overrasking då dei søkte om billån på 1.000.000, og hadde ei løn på 300.000 kroner.

ROV-pilot med BMW
Atle Wannberg og Solvår Haraldseid tykkjer det er ein kjekk måte å læra på.

— No veit me kor mykje pengar dei vaksne bruker, og me blir flinkare når me sjølv blir vaksne, meiner dei.

Atle legg ikkje skjul på at han er godt nøgd med løna han har som ROV-pilot, 756.000 kroner, og gliser når han fortel om BMW-en han har kjøpt seg. Kona er barnevernspedagog, og køyrer ei Volkswagen Beadle.

— Det vanskelegaste var å setja opp matbudsjett. Det tok lang tid. Mesteparten av maten lagar me sjølv, men me fekk råd til nokre måltid med Fjordland og eit besøk på McDonalds, smiler dei.

Solvår fortel at dei har rekna på bilforsikring og vegavgift, og veit kor lenge dei har att å betala på billånet.

— Då bror min skulle kjøpa seg bil, spurte eg om han hadde sjekka om det var «heftelsar» på bilen. Dei vart ganske paffe heime, og lurte på kor eg hadde lært det ordet, fortel ho.

Kvinna avgjer
Rundt om i klasserommet blir det rekna på prisar og kvadratmeter. Elevane klipper ut strimlar med tapet som skal følgja med budsjetta.

Tolvåringane Anna Klara Dybdahl og Lars Henrik Monsen har òg blitt einige om kva dei skal ha på veggen. Det vil seia, ho har landa på ein blåfarge. Lars Henrik sin tapet gjekk ikkje gjennom sensuren.

— Han ville ha så mange mørke fargar, men dette skal vera soverommet til dei to adoptivungane våre, og då må me ha det litt lysare, forklarer ho, medan Lars Henrik viser fram golvbelegget han har funne på nettet.

— Det er kjekt og bra å arbeida med fag på denne måten, seier dei.

Lagar bok
Når prosjektet er over, sit kvar elev att med ein perm der dei har samla alle budsjett, utrekningar og oversiktar.

— Det blir som å laga ei bok. Har me tid etter jul, kan det henda me kan utvida prosjektet litt. Det er mykje som kan leggjast inn, seier Marianne Hanssen, og fortel at tanken var at dei skulle få reisa på tur og arbeida med valuta-oppgåver.

Les saka i Grannar.no!