Friske og raske på isen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Her kombinerer vi friluftsliv og idrett med sunne og gode matvaner. I dag nyt vi finveret med grilla banansplitt og hockey på skeiseisen, fortel lærar Tove Halse Digernes.

Saman med Einar Myrold har ho ansvaret for valfaget. Dei to har ei grei arbeidsdeling. Tove står for det friske og sunne, medan Einar står for det raske.

Det vil seie at Tove syter for maten, medan Einar organiserer dei sportslege aktivitetane.

– Vi lærer ungdommane at det både er viktig og enkelt å lage til sunn og god mat når ein er ute i naturen eller er med på ein sportsleg aktivitet. Når vi nærmar oss slutten av dette skuleåret, skal vi ha nok oppskrifter til enkle og gode matrettar til å gje ut ei eiga matbok. Poenget er at det skal både vere sunt og billeg, fortel Tove Halse Digernes.

Torsdag fekk ho organisert eit grillbål, og oppe på dei glødande grillkola vart det lagt bananar innepakka i aluminiumsfolie. Inne i kvar banan var det ein bitteliten sjokoladebit. Det går an med litt søtt også. Torsdag var det så kaldt at det ikkje berre var bananar på grillen. Fleire av elevane fann varmen frå grillkola kjærkomen, og nytta høvet til å varme både hender og føter.

Ei stor gruppe var aktivisert ute på isen, der det vart spelt ishockey – rett nok med ball.

– Vi har prøvd å få tak i ein puck, men det finst ikkje i Ørsta, sukkar Einar Myrold.

Han og elevane har det løye på isen, og både lærar og elevar viser fram gode skeiseferdigheiter. Det er mest ikkje fall, og piruettar er det fleire av.

Og då banane er klare, var det tid for ei solid matykt.

Det er god varme frå grillen.

LES SAKA I MØRENYTT!