Slik gjekk det då Kystverket bestilte to kaker med teksten "God Jul" på begge kakene.

mm

Dette bildet går som gratis kake i sosiale medium i dag etter at Kystverket la det ut på Twitter. Bildet er tatt av Hans-Lennart Sævik. Han jobbar som los i Kystverket, og fekk seg ein god latter då han og dei andre losane i Ålesund fekk kaka på ei juletilstelling i fjor.

– Det blei god humor av heile greia. Men det blei òg ein god tankevekkjar for oss, seier han til Framtida.no.

– Det er eit godt eksempel på dårleg kommunikasjon, når det blir så totalt misforstått. Som losar jobbar me med kommunikasjon heile tida. Me må tenkja over kva ordrar me gjev, og om dei blir forstått av mottakaren, seier Sævik.

Han understrekar at det går betre på sjøen enn å bestilla kaker i Kystverket.

LES OGSÅ: Banning fungerer ikkje lenger

Til skrekk og advarsel
Regiondirektør i Kystverket i Ålesund Harald Tronstad seier at bildet blir brukt på seminar i Kystverket som eit eksempel på god kommunikasjon er avhengig at både avsendar og mottakar forstår kvarandre rett.

– Det er ei veldig god historie. Losane våre er vande med å gje beskjedar, men me får håpa at det ikkje skjer så gale på sjøen, seier Tronstad til Framtida.no.

LES OGSÅ: Statstilsette meiner sjølv dei skriv godt

Og blei det nok kaker til alle losane?

– Det blei nok litt lite, men så er det jo ikkje så sunt med kake heller, humrar Tronstad.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.41

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE