Størst katolsk vekst

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Trus- og livssynssamfunn som er utanfor Den norske kyrkja, og som får statstilskot, hadde 510.700 medlemmer per 1. januar 2012. Dette er ein auke på 26.200 medlemmer, eller 5 prosent, frå året før, ifølgje ferske tal frå Statistisk sentralbyrå

Av dei 4.986.000 personane som var busette i Noreg 1. januar 2012, var 510.700, eller 10,2 prosent, medlemmer i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja. Veksten i talet på medlemmer i trus- og livssynssamfunn med statstilskot er lågare enn førre året. Nokre nye samfunn har kome til i statistikken for 2011, medan det er andre samfunn som har vore med tidlegare som ikkje er representerte i år.

LES OGSÅ: Kristne og muslimar under same tak

Innvandring frå Aust-Europa
Av alle medlemmene i trus- og livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja og som får statstilskot, har framleis dei kristne trussamfunna flest, med 289.000 medlemmer. Dette utgjer 57 prosent av alle medlemmer per 1. januar 2012. Dei kristne trussamfunna har hatt størst vekst i talet på medlemmer, med heile 22.200, eller om lag 8 prosent. Den romersk-katolske kyrkja er det største kristne trussamfunnet eller trusretninga, og har over 100.000 medlemmer. Talet på medlemmer i Den romersk-katolske kyrkja har auka med drygt 19.000, eller 23 prosent, i løpet av siste året. Denne auken kan sjåast i samanheng med auka innvandring frå andre land, spesielt har innvandringa frå romersk-katolske land i Aust-Europa vore høg dei siste åra.

Kyrkjelydar innanfor pinserørsla tel om lag 39.100 medlemmer. Pinserørsla har hatt ein svak nedgang i talet på medlemmer dei siste åra.

LES OGSÅ: Med Gud på skoen

Stabilt tal på muslimar og humanetikarar
112.200, eller 22 prosent, av medlemmene i trus- og livssynssamfunn er medlemmer i islamske trussamfunn. Sjølv om talet på muslimar auka med 5.500 medlemmer det siste året, har prosentdelen halde seg stabil dei siste åra. Også nokre av dei andre religionane i statistikken har halde seg på om lag det same nivået. Buddhisme utgjer 3 prosent, medan hinduisme og sikhisme utgjer høvesvis 1,1 og 0,2 prosent per 1. januar 2012. Trussamfunn som høyrer til buddhisme, hadde størst prosentvis auke med om lag 6 prosent det siste året. Desse samfunna har til saman 15.000 medlemmer.

Talet på medlemmer i Human-Etisk Forbund er 83.100 per 1. januar 2012. Dette er om lag det same medlemstalet som året før. Andre livssynssamfunn har 1.600 medlemmer, og det har vore ein auke på om lag 200 medlemmer i desse andre samfunna.

LES OGSÅ: Med fildeling som religion

Størst kristen-vekst i Oslo
Oslo er framleis fylket der flest står i eit trus- eller livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja. I hovudstaden er 125.000, eller 19 prosent, av folkemengda medlemmer i eit trus- eller livssynssamfunn utanfor Den norske kyrkja. Denne delen syner ein svak nedgang i høve til folkemengda per 1. januar 2012. Om lag ein fjerdedel av alle medlemmene i trus- og livssynssamfunn er busette her. Blant dei som er busette i Oslo, har dei islamske samfunna nærare 50.000 medlemmer og kristne trussamfunn drygt 51.000 medlemmer. Det er første gong sidan SSB byrja å laga statistikken i 2006 at det er målt fleire medlemmar i kristne trussamfunn utanfor Den norske kyrkja enn medlemmar i muslimske trussamfunn i Oslo.