“Tonje Glimmerdal” selt til Estland

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Maria Parr (31) er den nye superstjerna i norsk barnelitteratur.  Bøkene til Parr er omsette til ei rekkje språk, og trass sin unge alder har ho alt vunne fleire litterære prisar enn dei fleste andre forfattarar gjer i løpet av eit heilt liv. Ho har blitt samanlikna med både Johanna Spyris (Heidi) og Astrid Lindgren.

Ho debuterte med Vaffelhjarte i 2005, og fekk det store gjennombrotet sitt med Tonje Glimmerdal i 2009, som ho blei tildelt både Brageprisen, Teskjekjerringprisen og Kritikarprisen for. Die Zeit kåra boka til den beste barneboka på tysk i 2010. Hausten 2013 set Det Norske Teatret opp Tonje Glimmerdal på hovudscena. Boka er no ute i mellom anna Tyskland, Frankrike, Kina og Russland.

Boka handlar om Tonje Glimmerdal som er den einaste ungen i Glimmerdalen, og den tøffaste jentungen dalen har sett sidan dei vaksne tantene hennar herja på ski mellom fjella. Tonjes besteven er gamle Gunnvald, ein bisk felespelar på over sytti år, og dei to venene kjenner kvarandre ut og inn.

LES OGSÅ: Korleis vart du du, Maria Parr?