Diktar om å vere heime åleine

Øystein Espe Bae
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I Mona Vetrhus si første diktbok, Nokre gutar kjem ikkje heim i kveld, vert både fotografi og ord brukt til å varsamt vende på menneska, sorga og naturen. I svart-kvitt-fotografia som både opnar og avsluttar diktsamlinga, er fjord og fjell frå fjordbygda Uskedalen avbilda opp ned, i det som må kallast eit meiningsfortetta forsøk på å finne nye lyspunkt og fotfeste etter tragedien har ramma hardt.

I dikta anar vi sorga over unge guteliv som ein gong har gått bort, i eit møte mellom bil og kaldt vatn:

heima i fjorden har vi gras

ei gråblå elv

svingevegar mellom fjell

og unge hjarte i jorda

 

«heima»

Uskedalen, som vert nemnd som «heima» i dikta, er staden på Vestlandet der Vetrhus sjølv vaks opp. På eine sida oppfordrar dikta såleis til å bli forstått i eit historisk-biografisk lys: Ein type eksistensiell heimstaddikting, forteljingar frå ein trist oppvekst: Glimt av nære historier, nokre fatale, andre drøymande og fantasifulle, og om du vil, seksuellt ladde:

hjorten står i soverommet

ser på meg i senga

eg er naken

grip tak i geviret

leier han ut

det er trongt i trappa

hjorten pissar heile vegen

eg slepper ikkje taket

Men «heima» er også der gutane var på veg til, i bilen sin: «med colaflasker og sjokoladepapir på golvet / Metallica og hes gutesong ut vindauga / forsvinn dei inn i sollyset».

Eg og du
Dikta har ei tydeleg og engsteleg eg-stemme, som vil verne bror sin frå tragedien som ho trur «kjem til å skje igjen». Ho seier: «eg er redd for fjorden / når den kan frysa fast svaner / men er for svak til å bera bilar».

Eg-et talar i dikta til eit kjært «du», som har blitt borte. Døden blandar seg i frykta draumar, det morbide viser seg over alt: «mørkeraud, rå / lukt av kjøt på kjøkkenbenken / på søndag er det steik / eg et».

Etter kvart møtest dei verbale og fotografiske bileta til Vetrhus. Det fotografiske motivet av eit lite menneske som går på stranda mellom fjell, vert i dikta tangert verbalt, og mennesket framstilt som både sterkt og lite på same tid:

kroppen er liten

eg står på stranda

dei høge, blå fjella speglar seg i vatnet

som renn inn og ut av sniglehuset

 

med tillit til fjorden

spenner eg frå.

Frå å vere redd for fjorden, har eg-stemma fått fotfeste til å spenne frå. Ei forvandling har skjedd hos eg-personen.

Svart-kvitt-fotografia som rammar inne dikta ymtar om ein framandgjerande poetikk. Det er som om diktaren spør: Er det først når alt vert snudd på hovudet at ein verkeleg ser og kjenner på balansen mellom mennesket og naturkreftene, mellom livet og døden? Kan ein så finne og lære å stole på solstrålane, stå oppreist, opp ned, på stranda?

Sola opprettar balansen

Dikta eg-person innser etter kvart at «eg treng sol», og diktsamlinga sitt nest siste avsnitt følgjer opp med solgløtt frå tida som har kome etter:
 

dotter til bror min kjem stabbande

ho ler og ler

har ikkje ord for kvifor

latteren piplar fram mellom dei små fingrane

fyller heile garden.

I diktdebuten til Vetrhus viser det seg at solstrålane trengjer like lett gjennom vassoverflata som eit karosseri fyllt med unge gutar. Gjennom fragmentariske spegelbilete av draumar og sorg kjem det fram brutale realitetar, ein kvardag som har blitt snudd på hovudet. Det er ikkje utan grunn at personen som er avbilda i diktboka sine fotografi ser ut til å stå t i eit opp-ned-landskap på stranda.

 

Først publisert på Magasinett!

Les andre bokmeldingar her!