Sveinung Gjerde i Gjerdsvika trudde han såg ein UFO då han kika ut stovevindauget.

Leiv Arne Grimstad, Vikebladet
Leiv Arne Grimstad, Vikebladet

NRK Møre og Romsdal fortel at han ropte til seg kona, som også fekk med seg fenomenet i i 8.30-tida fredag morgon.

Gjerde skildra lysfenomenet slik: Ein lysballl som gjekk i sakte fart og sklei lågt over himmelen. Rundt ballen var det glødande gul farge, som gjekk over i blått og raudt. Bakover var det ein liten hale. Det heile varte i fem-seks sekund.

– Eg held fast på at det må ha vore ein UFO. Ein meteoritt var det i allefall ikkje. Dei har jo ei himla fart, seier Gjerde.

LES OGSÅ: Sjå video med UFO over Voss

Etter nokre få sekund var fenomenet borte.

Også Øystein Eide på Sjøholt fekk med seg lyset. Han sat i bilen på veg til jobb då han fekk auge på eldkula.

– Eit mektig syn og eit kolossalt fargespekter. Eg har aldri i mitt liv opplevd liknande, seier han. Det minte han om ein slags eksplosjon.

Åse Christin Flø i Molde meinte det var eit stjerneskot ho såg.

– Ei stor lysande kule kom over himmelen i stor fart frå nord mot sør,

Margot Simonnes frå Kvamsøya meinte at fenomenet var ganske lågt på himmelen i forhold til “stjernerap” og hadde heller ikkje den farta som “stjernerap” har. Det var ei spesiell hending å få med seg på morgonkvisten, seier ho.

LES OGSÅ: Gullklump passerer Jorda

Statsmeteorolog Håkon Melhus hellar mot at det var ein meteor.

Det er ikkje registrert noko spesielt vêrfenomen i dette området, seier han.

Les saka i Vikebladet!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.40

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE