Pangstart for Vinjerock

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Klokka 09.55 laurdag vart dei fem fyrste artistane lansert på Facebook. Klokka 10.00 starta salet av festivalpass. Klokka 10.02 var Vinjerock 2013 utseld.

– Me var budde på at det kunna bli stor etterspurnad, men dette sprengte alle forventingar, fortel Vinjerock sin salssjef, Carl-Frithjof Tidemand Johannessen.

Han, og resten av festivalleiinga, vart sitjande å måpe når dei etter kun to minutt med billettsal måtte konstatere at 3.000 festivalpass var rivne vekk. Deretter byrja stormen på Facebook frå dei som ikkje hadde lukkast i kampen om billettane.

– Dette er heilt enormt. Når ein tenkjer tilbake på dei fyrste åra, kor vi kaldsveitta oss gjennom sumaren fordi billettsalet i forkant var marginalt, så kjenner vi oss utruleg priviligerte no. Me får ein enormt stor tillit frå publikummet vårt, seier festivalsjef Eirik Høyme Rogn, og erkjenner at forventingspresset aukar for kvart einaste år som går.

LES OGSÅ: Festivalar på bygda meir lønsame

Mange kjøparar

Ein del av Vinjerockarane poengerte på Facebook at det ikkje burde vera mogleg å kjøpe så mange som 10 billettar per person, då dette kunne medføre spekulasjon i svartebørssal.

– Når vi ser på salsrapportane så ser vi at ingen har kjøpt fleire enn 6 billettar, og det snakk om veldig få personar. Så godt som alle har handla ein eller to, så her er det rett og slett snakk om veldig mange kjøparar. Men vi ser poenget til dei som har påpeika dette, og vil nok vurdere å senke denne grensa seinare for å minimere risikoen, slår salssjef Carl Frithjof fast.

Fem artistar klare

Det fyrste artistsleppet til festivalen skjedde rett før billettane hamna på marknaden. I denne runda er Jaga Jazzist, Amund Maarud, Black Debbath, Ida Jenshus og svenske Räfven klare for neste års fjellfest.

LES OGSÅ: Ida Jenshus syng ut

– Tungrock, bluesrock, folkrock, bluegrass og landets råaste jazzistar blir ein framifrå kombinasjon på Eidsbugarden, slår festivalsjefen fast, og lovar ytterlegare 20 artistar på lista i løpet av vinteren og våren.