Eg skal ikkje skryta på meg nokon Hollywood-aktig kvardag.

Når ein førestiller seg ein novemberdag i ein Londonstudent sitt liv ser ein kanskje spanande shopping i juledekorerte Oxford-street. Ein ser koselege samtalar over ein kopp Chai Latte på eit kaféhjørne. Og ein ser rolege spaserturar gjennom raudblada parkar.

Når sant skal seiast så har me dekorert leilegheita vår meg eit skakt juletre på 40 cm, me balanserer ofte eit pappkrus med Latte på toppen av ein stabel av bøker om demokrati i antikken og me spring dagleg gjennom ein halvblaut skog når me er fem minutt for sein til førelesninga – men eg skal ikkje skryta på meg nokon Hollywood-aktig kvardag. For det er for Londonstudenten som alle andre studentar: når dei siste skulevekene av året renn ut og eksamendatoane kjem nærare blir dagane mørkare, regnet blautare, humøret dårlegare og bråket på biblioteket sin lesesal høgare.

Dei fleste universitet i England har skulestart i oktober. Det vil seie at me har i underkant av tre månadar til å lese oss opp på i ulike faga og forstå kva det er som føregår i førelesningane for så å skrive eit essay som tel 25% av årets karakter. Her snakkar me 416 sider av Platon sin dialog Staten, Descartes sin Metafysiske meditasjonar og Aristoteles om mennesket som eit politisk dyr. Det er ikkje til å leggje skjul på at ein blir litt sånn passe skada når dette står på, og plutseleg når ein går til førelesninga ein dag og ein med-student seier:

– Å, det var kaldt ute i dag.

Så svarer du:

– Er det verkeleg kaldt eller er det berre du som oppfattar denne lufta som kald?

Eg er ganske sikker på at Londonstudentane har det som alle andre studentar. Nyhendestraumen på Facebook fyller seg opp med folk som klagar seg over ein svevnlaus natt dagen før essayinnleveringa, ein himlar med auga over personen som sit og høyrer så høgt på musikk i stilleavdelinga på biblioteket at alle kan syngje med når Rihanna kjem til refrenget og ein føler aldri heilt at ein klarer å halde arbeidsmengda i sjakk.

Likevel så gjer tanken på den dagen når alle essaya er levert inn, Planton sin Staten levert tilbake til biblioteket, kofferten med julegåver frå Oxfordstreet står klar ved døra og flybilletten til Noreg ligg i handa det heile verdt det. For når alt kjem til alt så sit ein oppe heile natta og les artiklar om tema ein verkeleg interesserer seg for, ein har fantastiske forelesarar som motiverer og inspirerer, ein har London sine gater 40 minutt unna med tog og ein lev det livet ein har valt for seg sjølv.

 

Les fleire blogginnlegg av Anita Svendheim her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.40
ANNONSE