ByLarm-juryen har valt ut 12 lovande band blant 1800 påmeldingar.

mm

Dei norske artistane som får opptre på bransjefestivalen er Anja Kløve, Aslak Hartberg's The Fuzz, Cockroach Agenda, Emile The Duke, Fela, Frøy Aagre Electric, Ich Bin N! ntendo, Kid Astray og Vithr.

Frå Danmark kjem Bottled in England, mens Sverige blir representert ved Colleagues og Solen.

Over 1.800 påmeldingar har kome inn frå heile Norden til demokonkurransen. Det er ifølgje programansvarleg Joakim Haugland er ny rekord. Sist helg gjekk juryen gjennom over halvparten av dei. Resten av demobanda som skal vere med i år, vil bli sleppt gjennom ein julekalender på nettsidene til P3 og ByLarm i desember.

– Vi trur vi fann nokre veldig bra artistar og band som vi trur vil glede norske musikkelskarar i åra framover, seier Haugland til bylarm.no.

Anja Kløve:

Cockroach Agenda:

Emile the Duke:

Fela:

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.40

LES OGSÅ

ANNONSE