Skal tale for ungdommen i Ulstein

Ungdomsrådet i Ulstein er klare til å fremje ungdommen sine ynskjer i kommunen.

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Dei er Ungdområdet 2012–2013. Oppgåva deira primært er å lytte til ungdommen i kommunen, og fremje saker dei meiner er aktuelle for å betre trivselen til ungdom som bur i kommunen.

Samansveisa gjeng
Leiar Ruben Voldsund i Ungdomsrådet fortel at dei er ein god samansveisa gjeng, som vil stå på for å tale ungdommen sine ord.

– Vi føler at vi når fram med bodskapen. Dessutan har vi med oss dei flinke politikarane Marianne Breivik og Tom Henrik Muggerud på laget. Dei kjenner oss godt, fortel Voldsund til Vikebladet Vestposten onsdag.

Bekymra for symjehallen
Men det er ikkje berre den generelle trivselen som pregar agendaen til Ungdomsrådet.

Dei ser også på kommunale utfordringar, og har sett symjehallen mellom ungdomsskulen og barneskulen høgt på si prioriteringsliste.

Kristoffer Ulstein fortel saman med Voldsund at dei er bekymra for symjehallen som står urørt.

– Helsemessig er det uforsvarleg at den står slik den gjer i dag. Anten må den leggjast heilt ned, eller opnast slik at born og unge får lære seg å symje. På den måten vert dei sjødyktige også, fortel dei engasjert.

Men dei har førebels ikkje bestemt seg for kor hardt dei skal kjempe for ei løysing med symjehallen, sidan Ulstein Arna er ein del av kommunen sine framtidige planar.

– Det er jo planlagt symjebasseng der. Så vi får vente å sjå kva som skjer, fortel dei.

Deltok på Fylkestinget
Kristoffer Ulstein fortel at to representantar, pluss ein observatør frå Ungdomsrådet i Ulstein fekk delta på Fylkestinget i Molde nyleg.

Kristoffer Ulstein var ein av representantane, medan Aurora Dimmen Bratli var den andre. Håkon Bergseth deltok som observatør.

– Dette var ein flott og lærerik prosess kor vi fekk sjansen til å fremje forslag til vedtak for ei større forsamling og skape debatt. I tillegg var eit ungdomspanel tilgjenge. Det fine med deltakinga i Fylkestinget var at ungdommen sjølv hadde stemmerett i saker som vart drøfta. Det hadde ikkje dei “vaksne”, fortel Ulstein, som legg til at det var ei erfaring som gav god kunnskap i det å vere politikar.

Vil støtte lokalsamfunnet
Ruben Voldsund avsluttar med å informere om at Ungdomsrådet i Ulstein sit på ein del pengar dei vil dele ut til dei som søkjer etter middel.

– Vi får ein fast sum pengar frå kommunen som vi skal nytte til gode føremål. Difor er det mogleg å søkje ungdomsrådet etter middel. Dei som søkjer må vere mellom 13–19 år, og søkje på grunnlag av ei gruppe, lag eller organisasjon. Vi gir ikkje pengar til enkeltpersonar. Pengane kan til dømes gå til eit fotballag, eit band, eller innspeling av plate, for å nemne nokre eksempel. Vi prøvar å dele likt til dei som søkjer, og samstundes prøvar å hente fram mangfaldet som alle kan nyte godt av, avsluttar dei.

Nye medlemmer i Ungdomsrådet i Ulstein er Isak Eksund og Johanna Kleimøder.

LES SAKA I VIKEBLADET!