Mange gløymer refleksen

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Vil ha påbod om denne

Østfold og Sogn og Fjordane ligg på 1. og 2. plass i refleksbruk i Noreg. Det viser ei fersk undersøking utført av Trygg Trafikk og Sparebank1 Forsikring der totalt 14.405 vaksne fotgjengarar er registrert i alle landets fylke.

I Sogn og Fjordane er refleksbruken på 42 prosent, medan 30 prosent av dei vaksne rogalendingane bruker refleks. Oslo er på botn. Der er det berre 15 prosent som bruker refleks.

Ikkje imponert
På landsbasis er resultatet 29 prosent. Det er same nivå som i fjor. I 2010 var talet 24 prosent. Sjølv om det har vore ei positiv utvikling dei siste åra, let ikkje Kari Sandberg i Trygg Trafikk seg imponera over årets resultat.

— Me er skuffa over at ikkje fleire bruker refleks, seier ho, og meiner refleks er fotgjengarane si billigaste livsforsikring.

Flinkast på bygda
Teljinga viser store skilnader mellom bygd og by. Langs landevegar bruker nesten halvparten av alle vaksne fotgjengarar refleks, i byane gjeld dette berre kvar fjerde person. Undersøkinga viser òg at det framleis er kvinnene som er dei flinkaste refleksbrukarane. Medan 32 prosent av dei bruker refleks, er det tilsvarande talet for menn 26 prosent.

Vil ha påbod
I perioden 2006-2011 døydde 152 fotgjengarar på norske vegar, medan 547 bli hardt skadde og 3.29 lettare skadde. Mange av desse ulukkene skjedde når gåande skulle kryssa veg eller gjekk langs ein veg i mørkret.

Trygg Trafikk har tidlegare teke til orde for at det blir påbode med refleks i mørkret. Dette forslaget fekk tidlegare i haust støtte frå 78 prosent av befolkninga, ifølgje ei undersøking frå Ipsos MMI.

Faktaboks

  • 35 prosent av alle fotgjengarulykker skjer i mørket.
  • Med fjernlys kan bilføraren sjå deg på 400 meters avstand viss du bruker refleks.
  • Når bilen bruker nærlys er du synleg på 140 meters hald med refleks.
  • Utan refleks er du synleg først på 25 meters hald. Det tilsvarer cirka eitt sekund viss bilen køyrer i 80 km/t.
  • Med refleks blir risikoen for å bli påkøyrt i mørket redusert med 85 prosent.