Anonym nettsurfing kan bli forbode
Politiet vil ha slutt på at ein kan surfe anonymt på nettet til flyplassar, hotell, restaurantar og kafear.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Anonym surfing kan bli forbode
Post- og teletilsynet jobbar no med ei forskrift som skal definere korleis Noreg skal implementere det såkalla Datalagringsdirektivet, og heilt sidan februar i år har det kome inn høyringssvar.
Medan tilsynet ikkje legg opp til at lagringsplikta skal gjelde særleg fleire enn teleselskap og internettleverandørar, skriv Kripos i høyringsnotatet sitt at dei meiner lagringsplikta bør skjerpas inn til å gjelde bedrifter, hotell og andre som tilbyr nettilgang eller såkalla hotspots, skriv Computerworld.
Får politiet det som dei vil, blir det dermed ulovleg å vere anonym når ein loggar seg på nettilgangen hjå alt frå kafear og restaurantar til flyplassar og gjestenettet til bedrifter.
QUIZ: Kva veit du om den tredje statsmakta? Prøv juss-quizen vår!
Kripos viser til avgjerda om at ein ikkje skal kunne vere anonym som mobiltelefonbrukar, og viser også til Danmark der ein har utvida lagringsplikta.
«Basert på dette er det Kripos si klare vurdering at alle bedrifter/institusjonar som tilbyr internettaksess eksternt må blir underlagt lagringsplikt for denne typen data for at formålet med lagring skal bli oppnådd,» skriv Kripos i høyringsutsegna.
Kripos meiner det berre er private heimar som skal få sleppe datalagring.
Den endelege forskrifta vil vere klar om nokre veker og Datalagringsdirektivet skal setjast i verk mot slutten av 2013, opplyser Samferdselsdepartementet til avisa. (©NPK)
LES OGSÅ: Med fildeling som religion