Frå oljeskift til oljebransje
Bilverkstader på Vestlandet er lei av at mekanikarane dei lærer opp forsvinn til oljeindustrien.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Leie av å stå for opplæringa
– Ein blir veldig frustrert når ein driv opplæringa, og så sit oljefondet att med gevinsten, seier dagleg leiar Pål Eide Hansen på Kokstad i Bergen til NRK.
Av dei ti siste lærlingane han har hatt på bilverkstaden sin, er det berre to att.
Teknologibedrifta FMC Technologies på Ågotnes utanfor Bergen er ei av verksemdene i oljeindustrien som er på jakt etter nyutdanna lærlingar. Berre i år har dei tilsett 20 ferske mekanikarar, men den store veksten i oljeindustrien gjer at bedrifta treng endå fleire.
– For å klara veksten treng vi fleire dyktige medarbeidarar som ønskjer å arbeida i industrien, seier kommunikasjonssjef Andreas Helgesen hos FMC Technologies.
Han seier dei bedrifta utdannar mange lærlingar sjølv, men at dei ikkje greier utdanna nok mekanikarar til periodar med ekstra stort produksjonspress. Det fnyser bilverkstadene av.
– Med dei ressursane dei har i forhold til oss, burde dei ha alle føresetnader for å klara det, seier Pål Eide Hansen. (©NPK)