Aukande strikketrend blant unge

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Strikkekafe med open bar

Det er torsdag kveld, og studentpuben Ad Fontes har invitert til strikkekafé. Her florerer det av gode strikkeråd og blir skålt med boblande Cava.

Rundt 20-30 studentar har funne fram til det koselege og noko mørke lokalet som kan minne om ei blanding av ein stilig, gammaldags kafé med fløyelsstolar og eit bibliotek. Studentane Ann Christin Willoch og Åshild Frostad er blant desse. Dei er begge stornøgde med strikkekafétilbodet.

– Det er eit herleg arrangement. Eg er ein av dei som har masa litt om det, og er veldig glad for at det førde fram, fortel Ann Christin Willoch.

LES OGSÅ: Lagar moteklede av mjølk

Populær trend
Både Willoch og Tine Tollaksvik, som er ansvarleg for strikkekafeen, ser ein aukande trend blant unge når det kjem til strikking og det å lage ting sjølv.

– Eg ser overraskande mange unge som gjer det. Òg på garnbutikken Modellstrikk ser eg alltid mange unge folk, seier Tollaksvik.

Begge trur folkehøgskolane og kjendisane kan ha hatt ein innverknad. Dei peikar spesielt på Dorthe Skappel-genseren. Garnet i denne oppskrifta var visstnok utselt i fleire veker. Dei trur òg at Jenny Skavlan har skapt blest om dette å lage klede sjølv med bokutgjevinga «Sy om».

Ikkje berre husmødrer
Willoch peikar òg på ein anna mogleg årsak til denne oppbløminga: stoltheit. Det er stas å lage noko ein sjølv kan bruke. Motebloggar Cathrine Heienberg, som driv bloggen «Cath in the city», er samd.

– Sying er ikkje lenger berre for mødrene våre. No er det kult å kunne lage ting sjølv, og på den måten sørgje for å ha noko ingen andre har. Det er ein utruleg kul kjensle å gå med noko sjølvlaga, seier ho.

Sjølv drog bloggaren til New York for eit par veker sidan for å delta på eit sykurs og lære seg sykunsten ordentleg.

LES OGSÅ: Trendy med menn i bunad

Sparar pengar
På Ad Fontes blir strikkinga hovudsakleg gjort for kosen si skuld, men student Frostad synest òg at strikking er perfekt mot eksamensstresset. Willoch brukar det òg ofte som ei fokuseringsøving på førelesingar om ho mistar fokus. I tillegg får dei produsert ei rekkje julegåver til både vener og familie.

– Eg har tolv julegåver ferdige allereie, avslører Willoch.

Ho vil tilrå andre studentar å satse på det same, dersom ein har det sparsamt reint økonomisk.

– Du sparer absolutt ein del på dette. Eit nøste treng ikkje koste meir enn fem til tolv kroner, så du kan lett lage ei fin julegåve til under 50-lappen. Dessutan er det mykje meir personleg og viktig når du har brukt litt tid på ei gåve og ikkje hasta til butikken i siste lita.

Ho påpeikar likevel at det ikkje treng å ta eit heil æve å lage årets julegåver.

– Du kan lage eit flott og tjukt skjerf på eit par timar, dersom du brukar tjukt garn og tjukke strikkepinnar. Eventuelt kan du lage ei søt lue som ikkje tek meir enn fem timar, opplyser ho.

Les heile saka i Studvest!

Faktaboks

TIPS TIL NYBYRJARAR

Spør ein med litt røynsle og set i gang. Det er ikkje så vanskeleg som du trur!
Byrj med eit enkelt skjerf.
Følg oppskrifta: Passar på å bruke rett strikkefastheit og pinnar.
Bruk nettet for alt det, det florerer av DoItYourself-tips!
Gå på besøk til butikken Stoff og Stil i Salhus – her finn du kjempebillig stoff og tilbehør.
Ver tålmodig – ingen er fødd med symaskin eller strikkepinnar i henda.

Kjelder: Ann Christin Willoch, Tint Tollaksvik og Cathrine Heienberg