Vil heim til Island

Kristine Askvik
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I hovudgata på Island køyrer bilane sakte nedover medan passasjerane og sjåføren ser ut til begge sider. 

– Du veit kva ein bruker å seia her på Island? Ein treng ikkje varme klede, vi har jo bil. Alle er veldig glade for å køyre bil. Difor har vi bilar til og med i hovudgata. Folk køyrer for å sjå kva som skjer, seier Petúr Blöndal Magnason. 

LES OGSÅ: Frå finanskrise til gründereventyr

Frå Bergen til Reykjavik
Petúr har studert arkitektur i Bergen i fem år. No er han heime i Reykjavik igjen. Han har berre vore i heimlandet i ein månad. 

– For fire år sidan var det heilt håplaust. Då var det ikkje aktuelt å flytte tilbake. Heilt inntil nyleg har det vore utelukka for meg. Det er ingen jobb som ventar på meg her, men stemninga og idealismen har vorte sterkare. 

Petúr synst det verkar som om heile samfunnet no ynskjer innovasjon. Sjølv håpar han å få jobbe med bygdeutvikling nord i Island, noko diplomoppgåva hans i Bergen gjekk ut på. 

På kaféen Tiu dråpar varmar han seg med ein kaffi. På veggen heng eit brodert kart av Island og tradisjonsrike lysestakar skaper ein kontrast til den mørke ettermiddagen utanfor. Gjennom kjellarvindauge kan ein sjå føter haste forbi. 

– Eg har ein sterk vilje og interesse av å sjå potensiale her. Om det gjer meg rik eller om eg får fast jobb, veit eg ikkje. Eg er meir positiv no i høve til å finne ein arbeid det er mogleg å leve av. 

På dei andre kaféborda går det både i islandsk og engelsk. Akkurat no er det musikkfestivalen Airwaves og mange tilreisande frå heile Europa. 

LES OGSÅ: Islandske lærepengar

Gjer som vener
Hovudårsaka til at Petúr valde å kome heim no, er at fleire vener òg gjer det same. Ein av dei er Sveinbjörn Thorareusen. Musikaren har nettopp kome heim etter seks år i Nederland, Belgia og Sverige.

– Om lag halvparten av dei eg kjenner som har studert i utlandet, har no reist tilbake til Island. Dei fleste kjem og seier dei berre skal verte her ei lita stund, seier Sveinbjörn. Flesteparten har ingen fast jobb å kome heim til, men dei prøver å kome heim for ein periode. Sveinbjörn kom tilbake til Reykjavik for berre ein månad sidan han òg, og han har allereie fått mange oppdrag som frilansmusikar.

– Island kjennest som den rette staden å vere no. Som om landet ropar oss heim igjen. Vi har ein sterk identitet, det er både bra og dårleg. Dårleg kanskje fordi det hindrar folk i å dra ut og skape seg et anna liv, utan å kjenne at ein legg  tapar noko. I Island lever ein tett med storfamilien. I Nederland møter ein storfamilien et par gonger i året, på Island heile tida – enten du likar det eller ei, seier han med et smil. 

LES OGSÅ: Suksess med gamal sauebonde

Frå moll til dur
Når det gjeld jobbar, merker han at det no går bra i musikkbransjen. 

– Eg har masse å gjere. Det har berre eksplodert. Lydproduksjonar, eigne produksjonar, reklame og andre tv-produksjonar. 

Kor lenge Petúr og Sveinbjörn vert verande på Island, veit dei ikkje. 

– Om eitt år kanskje får eg kanskje klaustrofobi av å bu her. Kven veit? Eg har aldri budd på Island som vaksen, det er noko nytt for meg, seier Sveinbjörn. 

Dagen etter intervjuet med framtida.no fekk Petúr ei prosjektstilling, der han skal jobbe med utvikling av bygda han laga prosjekt på i diplomoppgåva si. 

– Det vert veldig spennande. Eg gler meg.