Borgarlege parti har nominert flest fleirkulturelle.

NPK-NTB
NPK-NTB

Eit godt val for dei borgarlege opposisjonspartia kan føre til fleire fleirkulturelle stortingsrepresentantar neste haust. Det viser ein oversikt NRK har laga. Desse kandidatane er aktuelle:

* Abid Raja er nærmast sikra stortingsplass som toppkandidat for Akershus Venstre.

* Hadia Tajik er renominert på ein sikker andreplass for Oslo Ap.

* Mazyar Keshvari er foreslått på tredjeplass for Oslo Frp, ein sikker plass, men blir utfordra.

* Himanshu Gulati er nominert på femteplass for Akershus Frp, noko som kan halde.

* Dersom Oslo Høgre gjer eit godt val og Afshan Rafiq framleis står høgt på lista, kan ho bli fast møtande representant. Ho er i dag vararepresentant.

* Akhtar Chaudhry er ikkje innstilt på Oslo-lista til SV, men utfordrar Heikki Holmås om førsteplassen.

* Prableen Kaur er innstilt på ein usikker plass for Ap, som uansett ikkje gir stortingsplass om den raudgrøne regjeringa ikkje held fram, slik det ligg an til no.

Rundt 13 prosent av befolkninga i Noreg er innvandrarar eller norskfødde med to innvandrarforeldre. Det svarar til vel 20 plassar på tinget, men det talet er ein langt unna å no.

Jon Rogstad, forskingsleiar ved Fafo, som forskar på integrering og deltaking i samfunnet, meiner oversikta viser at dei politiske partia ikkje er komne lenger enn andre, som møter kritikk frå politikarane for ikkje å vere inkluderande nok.

– Kanskje det først og fremst viser at dette ikkje er så lett. Det er veldig lett med store og fagre ord, men det tar tid å få opp kandidatar ein trur kan fungere. Der er ikkje partia annleis enn arbeidsgivarar flest, seier han. (©NPK)

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 15.40

LES OGSÅ

ANNONSE