Krev våpenkvile straks

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Ban ber blant anna Israel om å avblåse alle planar om ein bakkeinvasjon på Gazastripa. Ein slik operasjon vil vere ei «farleg opptrapping», ifølgje FN-sjefen.

Det kvite hus kunngjorde omtrent samtidig at utanriksminister Hillary Clinton reiser frå Asia til Midtausten tysdag.

Bodskapen hennar vil vere at det ikkje er noko interesse for at den militære konflikten på Gazastripa vert trappa opp, ifølgje ei kunngjering.

Clinton vil først reise til Jerusalem for å ha samtaler med statsminister Benjamin Netanyahu. Deretter vil ho møte palestinske leiarar i Ramallah på Vestbreidda. Ho kjem ikkje til å møte representantar for Hamas, som har kontroll over Gazastripa, og som av USA vert sett på som ein terrororganisasjon.

Palestinsk samling
Dei to palestinske fraksjonane Hamas og Fatah varsla måndag at dei legg den interne konflikten til side for å stå saman i samband med Israels offensiv på Gazastripa.

USA held fast på at det er heilt avgjerande at Hamas sluttar å skyte rakettar mot Israel dersom konflikten skal får ein løysing. I kunngjeringa frå Det kvite hus heiter det også at Egypt kan bidra til å løyse konflikten.

Måndag ringte president Barack Obama til Egypts president Mohammed Mursi med beskjed om at Hamas må stogge rakettåtaka. Han har derimot ikkje bedt Israel om å avblåse ein eventuell bakkeoperasjon. Han meiner Israel har rett til å ta sine eigne avgjerder om det.

Islamistane i Hamas er ein avleggjar av Det muslimske brorskap, rørsla president Mursi har bakgrunnen sin frå.

Obama var også på telefonen med Israels statsminister Benjamin Netanyahu måndag.

FØLG SISTE UTANRIKSNYTT HER!

Over 100 drepne
Talet på drepne runda måndag kveld hundre, med nærmare tusen såra. Tysdag morgon var det derimot rolegare på Gazastripa, samtidig som berre eit fåtal rakettar vart skotne mot Israel i natt.

Dei aller fleste av dei drepne og såra er palestinarar. Israel har dei siste dagane kalla inn tusenvis av reservistar og førebudd ein bakkeoperasjon på Gazastripa.

Tysdag morgon hevda derimot ikkje namngjevne kjelder at operasjonen var sett på mellombels vent.

Israels regjering har tidlegare gitt beskjed om at ho ønskjer ei våpenkvile med Hamas på eitt eller to døgn innan ein byrjar forhandlingane om ei lengre våpenkvile.

Hamas har på si side kravd at Israel innstiller alle angrep mot Gazastripa og opphever blokaden av det palestinske området før gruppa vil bli med på ei våpenkvile.

QUIZ: Kva veit du om Midtausten?

FN-sjef til Jerusalem
Ban Ki-moon hadde tysdag samtaler med sjefen for Den arabiske liga, Nabil Elaraby, i Kairo. Han skulle seinare på dagen vidare til Jerusalem for å ha samtaler med Netanyahu.

På Gazastripa er det venta ein delegasjon frå Den arabiske liga, der blant andre Egypts utanriksminister deltar. Besøket vert gjort i solidaritet med det palestinske folket, ifølgje egyptiske styresmakter.

Også Kina og Russland prøver no å presse partane til ei våpenkvile. Natt til tysdag mislyktest derimot landa i FNs tryggingsråd å komme fram til ein felles resolusjon der opptrappinga vert fordømt. Russland skuldar USA for å ha blokkert forsøket, medan USA forsvarer motstanden med at det er viktig ikkje å skade meklingsarbeidet i Kairo. (©NPK)