Kongens godblunk

Are Kalvø
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Håpet er at dei nye reglane skal vere klarare og gjere det lettare å gi rett medalje til rett person i framtida. Men om du er uenig i at dei nye reglane er klarare enn dei gamle, så er det berre å seie frå, så skiftar slottet gjerne meining med ein gong.

Her er i alle fall forslaget frå slottet:

Kongens fortenestemedalje i gull bør for sikkerheits skuld helst ikkje delast ut. Men om det skal skje, bør det vere til personar som har levd veldig lenge og brukt heile livet til å vinne krigar for Norge, helst med ikkje-voldelige metodar og utan å seie så mykje.

Kongens fortenestemedalje i sølv kan gå til alle som har gjort noko bra ganske lenge utan å snakke nedsettande om folkegrupper.

Kongens fortenestemedalje i bronse kan gå til alle som har gjort noko bra ganske lenge, og som ikkje snakkar nedsettande om folkegrupper, men som ikkje held seg for gode til ein jødevits i godt lag.

Kongens fortenestemedalje i tinn kan gå til alle som har gjort noko bra ganske lenge, og som ikkje snakkar nedsettande om folkegrupper, men som heller ikkje er tøffe nok til å ta konfrontasjonen om dei for eksempel blir sittande ved sida av ein rasistisk onkel i eit bryllup.

Kongen kan gi ein skikkelig god klem til alle som er ganske greie stort sett heile tida, men som kan bli litt påståelige i fylla.

Kongen kan gi eit fint diplom han har teikna sjølv og noko varmt å drikke til folk som oppfører seg bra og ikkje er aggressive i fylla, men som har litt for lett for å irritere seg over sånt som orddeling eller folk som går for sakte på fortauet. Kongen kan, om han er i det humøret, også seie: «Så så.»

Kongen kan dele ut karslige klaps på ryggen til kven som helst som har slumpa til å gjere noko bra, også til sånne som ikkje har denslags for vane og som dessutan ved meir enn eitt høve har blitt observerte seint på kveld på veg heim frå den lokale serveringsstaden medan dei ropar til lyktestolpar.

Alle som har drive frivillig arbeid lenge og takkar i handa kan få å sitte i armkroken til kongen i eit kvarter.

Kongen kan gi ein kos til alle som snakkar fint om andre.

Kongen kan legge hovudet lett på skakke og løfte eit augebryn til alle som arbeider målmedvite med å lage ordspel om fortenestemedaljar når fortenestemedaljar blir delte ut. Med unnatak av dei som skriv «Kongens fortenestemedalje i tull», naturligvis. Desse kan få noko varmt å drikke, ein god klem og eit «så så», sjå over.

Kongens kan blåse lett i øyret til alle som klarer å stave ordet fortenestemedalje på korrekt bokmål.

Kongen kan godblunke til alle som klarer å debattere utdeling av fortenestemedaljar utan å påpeike kor mange andre debattantar som stavar ordet fortenestemedalje feil på bokmål.

Kongen kan, bør og skal gi beskjed om at det er leggetid no til alle som vurderer å påpeike at fortenestemedalje også er stava feil i denne teksten. Kongen kan eventuelt legge til: «Ikkje på nynorsk, dummen».

Kongen kan rekke opp handa og innrømme at dette med at fortenestemedalje skal stavast fortjenstmedalje på bokmål, faktisk er ein gammal trykkfeil som slottet aldri har orka å rette opp. Kongen kan, om han er i det spøkefulle hjørnet, også slå ut med armane og seie «So sue me!»

Kongen kan gi ei stygg nål til alle som klarer å svømme tjuefem meter under vatn.

Kongen kan når som helst spørje seg sjølv kva som eigentlig er vitsen med desse kongegreiene.

Kongen kan med fordel legge hovudet på skakke, løfte eit augebryn og seie «seriøst?» til alle som synest Norge har blitt veldig politisk korrekt når ein ikkje kan få medalje av kongen berre fordi ein er imot demokrati og ein god del folk.

Kongen kan nikker anerkjennande og humre godt til alle som klarer å dra ei trøye over ansiktet, sette seg på ein trehjulssykkel og seie «Se! Jeg kan sykle uten hode!»

Først publisert i Aftenposten 17. november.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!