Samlagssjef med stø kurs

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 38-åringen tok til som forlagssjef i august i år. Han kom inn i forlaget i ei tid prega av store omveltingar. Berre dagar før han var på plass, forsvann heile skulebokavdelinga med nesten 30 tilsette. Kolmannskog opplevde likevel at det var godt å koma til Samlaget.

– Eg har sjeldan følt meg så velkommen. Forlaget hadde vore gjennom store endringar på kort tid, men var prega av ein stor optimisme og kultur på å skapa Det nye Samlaget.

– Kva er det?

– Det handlar ikkje så mykje om eit kursskifte, men meir om at Samlaget skal tydeleggjera kva som skal vera kjerneverksemda. Vi har enda opp med at vi skal gjera det Samlaget er kjent for. Det vil seia at vi skal satsa på kvalitet.
Den nye forlagssjefen strekar under at det gjeld alle avdelingane som er att i Samlaget. Det vil seia skjønnlitteatur for barn og vaksne, sakprosa, høgare utdanning og ordbøker.

Kvalitet som merkevare
For å forklara kva han meiner, peikar Kolmannskog mellom anna på at Samlaget i lengre tid har vore med på å utvikla fleire av dei mest tonegjevande forfattarane i Noreg.

– Vi har forfattarar som Marit Eikemo, Jan Roar Leikvoll, Olaug Nilsen, Agnes Ravatn, Sigmund Løvåsen og fleire andre svært dyktige forfattarar som alt har sett spor etter seg og som blir viktige framover.

Han framhevar også barne- og ungdomsbøkene til Samlaget, og at forlaget er kjent for å ha mange debutantar.

– På 60-talet var talet på nynorske skjønnlitterære debutantar på eit lågmål. Mykje har blit betre sidan den gongen. Dei siste åra har heile ti nye forfattarar debutert kvart år berre på Samlaget. Trass i at nynorsken taper terreng på mange andre område i samfunnet, har det vore ein sterk vekst i talet på nynorske debutantar. Kjartan Fløgstad har kalla dette for Det nynorske mirakelet. Han peikar på at nynorsken litterært sjeldan har stått så sterkt som i dag. Det er eg samd i. Det viser at Samlaget har gjort ein svært god jobb, og vi skal berre bli betre.

Ikkje fleire debattbøker
Før Håkon Kolmannskog kom til Samlaget, var han i fem år leiar av forlaget Manifest, som legg vekt på debatt- og aktualitetsbøker. Det blir likevel ikkje meir av denne typen litteratur i Samlaget, slår han fast.

– Vi kjem nok til å gje ut ei og anna slik bok, men det er mykje viktigare for oss å gje ut ting Samlaget er særleg god på, til dømes kulturhistorie, biografiar og bøker innan tradisjonsmarknaden.

Men også innan sakprosa skal det vera rom for breidd og mangfald, understrekar han. Han minner om at haustlista i år inneheld alt frå bøker om det tidlegare DDR til klassisk norsk barnestrikk.

Viktig for nynorsk sjølvtillit
Som tidlegare leiar av Norsk Målungdom kan Håkon Kolmannskog knapt tenkja seg nokon viktigare jobb for nynorsken enn å arbeida med nynorsk litteratur. Samtidig er den nye forlagssjefen klinkande klar på at Samlaget ikkje først og fremst er eit nynorskforlag.

– Vi er ikkje eit forlag for nynorskfolk, men eit forlag som gjev ut gode bøker for folk på nynorsk. Når det er sagt, har vi ein høgare himmel over arbeidet vårt. Bøkene til Samlaget utvidar den nynorske skriftkulturen og gjer at dei som veks opp med nynorsk møter eit levande språk som er til stades i samtida.

Bøn til nynorskforeldre
Kolmannskog meiner Samlaget er viktig for å byggja den nynorske sjølvtilliten både hos lesarar og forfattarar. Men han skulle ønskja at foreldre i dei nynorske kjerneområda var meir medvitne om kva bøker dei kjøper til barna sine.

– Det er dessverre mange som snakkar om at det finst lite litteratur for barn og unge på nynorsk. Det er ikkje sant. Samlaget gjev ut om lag 35 nye titlar berre for barn og unge kvart år. Maria Parr har med bøkene sine om Vaffelhjarte og Tonje Glimmerdal skrive seg inn i hjarta til heile Noreg, og berre i år er to av barne- og ungdomsbøkene til Samlaget nominerte til Brageprisen.

Trur på den gode forteljinga
– Kva bøker blir viktige å gje ut i framtida?

– I ei tid der eit verk kjem ut på mange plattformer som e-bøker og appar, er det viktig å halda fast på det grunnleggjande om at eit forlag skal gje ut gode forteljingar og litteratr som kjennest relevant. Vi må gjerne laga verk som sklir over i både tv-spel og andre ting, men det er noko eige med litteraturen og møtet mellom bok og lesar. Det må vi halda fast ved. Viss moderne forlag blir spelprodusentar, er dei på ein måte ferdige, seier Håkon Kolmannskog.