Verda på dørstokken

Anita Svendheim
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Som student på eit universitet i England tek ein dette til eit heilt nytt nivå. Her har ein franskmenn som lagar te og spelar ukulele, ei mørkhåra jente diskuterer høglydt på italiensk med tilhøyrande handbevegelsar til familien på Skype og ein engelskmann som bannar stygt over at dagens tomatbønner svei seg samtidig inne på bufellesskapet sitt kjøkken utan at dette på nokon måte overraskar deg noko nemneverdig etter nokre veker.

Ved Royal Holloway (universitetet eg kallar heimen min for dei neste tre åra) har dei  2070 internasjonale studentar av totalt 9000 studieplassar. Då seier det seg sjølve at ein bur i Chinatown, Bollywood, Oxford Street og Manhattan på ei og same tid. Ein må venne seg til at det luktar konstant Sweet and Sour-sauce i gongane, at dei nye amerikanske Facebook-venene gjer det umogleg å sjå noko anna i nyhendestraumen enn raudt og blått i fleire månadar og at franskmennene kyssar kinna dine blaute kvar gong ein så vidt forlèt bufellesskapet.

Når ein flyttar til England for å studere er det klart at ein ikkje lengre forventar Toro tomatsuppe, kveldsnytt og småsnakk om dagens vêrforhold som eit dagleg innslag i eins liv. Likevel er eg overraska over kor lite prega eg er av dronningas 60-årsjubileum og Manchester sin siste kamp.

Ein av dei store fordelane med dei britiske universiteta er heilt klart det vide spekteret av studentar og tilsette, og det ikkje berre fordi ein lærer seg å ete med pinnar og kva strengene på ein ukulele heiter. Førelesarane legg opp til fleire vekentlege diskusjonar i mindre grupper blant elevane der den amerikanske mormonen kjempar ein håplaus kamp mot knallblå britar. Der dei relativt nøytrale nordmennene stiller seg kritiske til dei britisk-romantiserande lesebøkene om kolonitida. Der kambodsjanaren fordømmer FN sitt fredsarbeid. Det kan bli tåpeleg, det kan vera håplaust og nokre gonger har ein berre lyst til å leggje seg i senga med ostehøvelen og bindersen og bli der for dei neste tre åra, men som ein innbyggjar i dagens verd kjem ein seg opp att fordi ein veit nytta av å tileigna seg respekt og forståing for andre sin bakgrunn og kultur. Ei forståing som gir ein noko heilt anna enn kva pugging av årstal og repetisjon av konsekvensane til andre verdskrig nokon gong vil.

 

Les fleire blogginnlegg frå Anita her!