Ugle gjekk laus på bonde

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 

Frode Hildal fekk det ublide møtet med kattugla måndag kveld. Han kom køyrande frå Skjersholmane mot Heiane denne kvelden.

– I skjeringa der ved hjorteskilta, kom det ein flokk med fuglar. Plutseleg skjente ugla ned mot frontruta på bilen, forklarar Hilldal.

Stoppa ut
Ugla trefte bilen med eit smell, og vart liggjande i grøfta. Hildal gjekk bort til ugla som var heilt slått ut. Han tok ho med seg i bilen, og trudde ugla var så skadd at det ikkje var noko å gjera med.

– Eg lurte på om me kunne stoppa ho ut eller noko, seier han.

LES OGSÅ: Kongeørn til åtak på bonde

Betent
Nede i området «Vedn» på Horneland, synte Hildal fram ugla til Eivind Horneland. Bonden tok tak i ugla for å sjå nærmare på ho. Plutseleg vart det liv i fuglen.

Med dei sylkvasse klørne, som ho brukar til å fanga mus og andre byttedyr, hogg ho tak i veslefingeren til Horneland. Den kjekke ugla var plutseleg ikkje så kjekk lenger. Og klørne sette sine tydelege spor.

– Fingeren vart tydeleg stiv og vond. Eg måtte til legen, som gav meg stivkrampesprøyte og penicillin. No er fingeren mykje betre, forklarar Horneland.

LES OGSÅ: Fann slektning til livsfarleg edderkopp i Noreg

Skumle klør
Etter det ublide møtet med ugla, tok Hildal og Horneland kontakt med biolog og naturfotograf Jan Rabben på Tveita. Han har teke seg av mange kattugler, og sa ja til å ta kattugla i forvaring nokre dagar.

– Eg har ringmerkt nokre hundre kattugleungar, og veit korleis eg skal handtera dei. Det er klørne som er skumle, seier Rabben.

Han trur ugla vil komma seg igjen, men at det kan ta mange dagar.

Les saka i Sunnhordland!