Sverige anerkjenner Vest-Sahara

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 15:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Anerkjenner koloni som land

Ingen europeiske statar har tidlegare anerkjent det ikkje-sjølvstyrte området, av FN behandla som Afrikas siste koloni. Marokko har okkupert området siden 1975.

Forslaget om anerkjenning er ført i pennen av dei raudgrøne partia. Med støtte av Sverigedemokratane overkøyrer dei no den borgarlege allianseregjeringa og vil sannsynlegvis få fleirtall ved den endelege behandlinga i slutten av november. Sverige har også tidlegare vore høgt på banen når det gjeld støtte til Vest-Sahara, blant anna når det gjeld handelsavtalar mellom EU og Marokko.

LES OGSÅ: Til ørkenen for å lære

– Me er veldig glad for at Sveriges riksdag vil anerkjenna Vest-Sahara som sjølvstendig stat. No må resten av verda følgja etter. AUF utfordrar vår eigen raudgrøne regjering til å følgja Sveriges eksempel og anerkjenna Vest-Sahara. Vest-Sahara har venta lenge nok, seier leiar i AUF, Eskil Pedersen.

Sist veke blei to representantar frå AUF og to frå Senterungdommen bortvist frå Vest-Sahara av marokkanske styresmakter.